Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Utforsk ansikt, auge og blikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Utforsk ansikt, auge og blikk

Oppgåve 1

Gå saman i grupper. Ein eller fleire forsøkspersonar set opp ulike ansiktsuttrykk for å uttrykkje følgjande sinnsstemningar: overrasking, frykt, avsky, sinne, glede, mismot.

  • Blir desse uttrykka tolka på same måten av alle deltakarane?
  • Diskuter kva det var som gjorde at de tolka ansiktsuttrykket slik. Kva gjorde forsøkspersonen?
  • Kan det vere kulturelle forskjellar, eller er slike uttrykk universelle, det vil seie dei same for alle menneske?

Oppgåve 2

Gjer følgjande eksperiment: Samtal først to og to utan å sjå kvarandre inn i augo.

  • Korleis kjendest det?
  • Kva var verst?
  • Korleis er det vi vanlegvis brukar blikk-kontakten?

Gjenta eksperimentet mens de heile tida ser kvarandre intenst inn i augo. Korleis endrar dette opplevinga?

Oppgåve 3

  • Korleis tolkar du det når andre ikkje ser deg i augo når de snakkar saman?
  • Kva kan det bety når enkelte afrikanarar og asiatar unngår å sjå deg inn i augo?

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter