Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. AnsiktetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ansiktet

Korleis kommuniserer du med ansiktet og augo dine? Du kan blunke og lage trutmunn for å flørte. Då verkar du sjølvsikker. Men kva om du samtidig raudnar? Kva avslører ansiktet ditt da?

Illustrasjon med collage av ansiktsuttrykk. Foto.
Ansiktet avslører kjenslene

«Ansiktet røper deg,» seier vi ofte. I ansiktet kan vi ofte lese av sinnsstemningar og kjensler. Det finst undersøkingar som viser at det er godt samsvar mellom det eit menneske føler, det som blir vist gjennom ansiktsuttrykket – mine – og det andre menneske trur at vedkommande føler.[1] Ansiktet er den mest informative kroppsdelen vi har, etterfylgd av hendene. Føtene kjem på tredjeplass.

Ansiktet er utruleg uttrykksfullt, og vi observerer det ofte merksamt under ein samtale: smil, små rykkingar på tiandedels sekund, nikk, grimasar, rynker, augnebryn, trekningar om munnen – alt kan tilleggjast meining, meir eller mindre tillært i ein bestemt kulturell kontekst. Men det finst variasjonar etter (sub-)kultur, alder og kjønn.

Nokre ansiktstrekk er umedvitne, andre er medvitne teikn som blir sende med vilje (signal): rynke panna eller nasen, lage trutmunn, rekkje tunge, kysse. Ofte er dei emblematiske, det vil seie at dei har fast tyding innanfor ein kulturkrins. Naserynking er til dømes eit teikn på avsky hos oss, mens slengkyss er ein kompliment og teikn for gode ønske. Andre trekk er illustratorar, til dømes grimasar.

Kulturelle forskjellar

Panna er nest etter blikket det ansiktsområdet som produserer flest samtaleregulatorar. Ansiktsuttrykket røper også kjensler. Smatting er i enkelte folkegrupper eit uttrykk for godkjenning, interesse, forundring, fare eller avsky. Alle menneske har kjensler, men dei gir ulike uttrykk for kjenslene sine, og slike kjensleuttrykk kan vere farga av kulturell bakgrunn.

Ein norsk lærar i eit afrikansk land opplevde at ei regulær skjennepreike for ein uforskamma elev blei møtt med latter, noko som gjorde den arge læraren endå meir irritert. Seinare lærde han at latter kan vere eit uttrykk for blygsel, ein slags forsvarsmekanisme i ein trengt situasjon.

Døma viser at noko så allment som latter langt frå blir tillagt same kjensleinnhald innanfor alle kultursamanhengar. Antropologen Unni Wikan fortel frå Bali at latter og smil var ein vanleg reaksjon ved sorg og død. Det samme gjeld nokre stader i Aust-Afrika. Latter i samband med dødsfall er meint å medverke til å lette den vanskelege situasjonen for dei pårørande.

Når vietnamesiske morsmålslærarar ler av barna sine teikningar i barnehagen, vil norske førskolelærarar reagere med å tru at det barna har teikna blir latterleggjort. Men i Vietnam er latter eit uttrykk for ros.

Dei same vietnamesiske morsmålslærarane reagerer på si side negativt på norske «peikesongar» der barna skal peike på kvarandre. I Vietnam er det å peike på menneske svært ufint, og vietnamesaren kan reagere med å seie: «Dersom du ikkje sluttar å peike, så slår eg!»

Slik er det også på Madagaskar. Dersom gassarane skal peike ut ei retning, brukar dei leppene, for å unngå å peike på eit anna menneske eller på ei grav, noko som er tabu. Hos oss ville det å peike med leppene opplevast som upassande. I Kamerun peikar dei med haka.

Det kjente maleriet av Mona Lisa. Maleri.
Kva meinte Mona Lisa med smilet sitt?

Smilet

Forskarar meiner at tydinga som ein kan leggje i eit smil, er lært, og ikkje medfødd. Dersom ein smiler til eit lite barn og samstundes viser tennene, begynner barnet ofte å skrike (truleg fordi barnet assosierer blotta tenner med eit trugsmål, slik som dyr flekkjer tenner).

Smilet er truleg vårt første lærde samhandlingsteikn. Når barnet smiler til mor si, begynner ein inspirerande kommunikasjon med omverda. Mora si samhandling med spedbarnet både utviklar, formar og sosialiserer barnet si evne til å uttrykkje seg.[2]

Smil som ein set opp ved bestemte høve, sosiale smil, er ofte regulatorar. Dei kan brukast til å modifisere negative utsegner, som teikn på interesse eller vennleg framferd, som ros eller som oppmuntring til latter. Men også her finst det kulturelle variasjonar. Japan er kjent for sitt «uutgrunnelege smil». Smilet blir gjerne nytta som ei slags ytre maske som dekkjer over sinnsstemningar som måtte finnast bak maska, anten det er sinne, sorg eller forakt.[3]

Thailand er kjent som «smilets land». Folk set pris på ein høfleg og lett omgangstone. Smidig og omgjengeleg framferd blir kommunisert gjennom eit naturleg smil som sjarmerer alle besøkjande. Harmoni på overflata er ei norm. Men smilet kan dekkje over djupe psykologiske spenningar. Kriminalstatistikken viser at Thailand har ein av dei høgste mordratane i verda.[4]

I 2011 sende det amerikanske flyselskapet Delta 11.000 tilsette på smilekurs etter kanselleringar og klagar frå kundar om at det ikkje verka som dei tilsette likte jobben sin. Selskapet satsa to milliardar dollar på smilekurset og andre tiltak for å betre kundeservicen.

Reklameteiknaren Harvey Ball fann opp smiley-en slik vi kjenner han i dag, i 1963. Han brukte 10 minutt på å teikne han og tente 45 dollar. Smiley-en er det emotikonet som brukast mest, i nær sagt alle samanhengar. Men visste du at ikkje alle blir like begeistra? Ein norsk mann tilsett i eit internasjonalt rekneskapsfirma sende ein smiley på ein kort e-mail til sin franske sjef. Det mislikte ho sterkt. Det var altfor uformelt, tykte ho.

  1. 1«What the face reveals: basic and applied studies of spontaneous expression using the facial action coding system». Paul Ekman Erika L. Rosenberg. Oxford University Press. 2005.
  2. 2«Ikkeverbal kommunikasjon: introduksjon til en tverrvitenskap». Olaf Øyslebø. 1988.
  3. 3«Communication between cultures». Larry A. Samovar Richard E. Porter Edwin R. McDaniel. Thomson Wadsworth. 2007.
  4. 4«Inside Thai society: religion, everyday life, change». Niels Mulder. Silkworm books. 2001.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter