Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. KroppsspråkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroppsspråk

Du kan bruke kroppsspråket medvite for å kommunisere noko, som når du strekker armane i veret for å vise at noko bra har skjedd, eller du peiker på noko du vil ha. Men du sender også ikkje-verbale signal som du ikkje er like medviten om.

Grimase. Foto.

Det ikkje-verbale språket er, på same måten som det verbale språket, eit språk. Vi sender og tolkar teikn: Vi rettar fram handa og tek imot hender til helsing, vi vinkar, trekkjer på skuldrene, vender oss til og frå samtalepartnarar, ser dei i augo eller vik unna, smiler eller rynkar panna.

Ei mengd kroppshandlingar har gitt opphav til idiomer, «særeigne uttrykk» i språket, som til dømes: Vi «held avstand frå», «vender ryggen til», «bøyer oss for» eller «tek hatten av for» våre medmenneske. Slik åtferd er teikn som kan brukast med tanke på kommunikasjon.

Men all kroppsåtferd er ikkje kommunikativ. Vi har nemnt raudning, som vi neppe har kontroll over. Heller ikkje blunking, avmakt, geisping og llinande er alltid kommunikative teikn. Men sjølv om dei ikkje er meinte som kommunikasjon, kan dei oppfattast slik av andre. Geisping kan til dømes bli oppfatta som at personen er trøytt, sjølv om det ikkje var intendert – gjort med vilje – frå den andre si side.

Teiknklassar

Vi skal her gjere bruk av fem teiknklassar for ikkje-verbalt språk.[1] Dei er eigentleg tiltenkte handrørsler, det som kallast gestar, men kan brukast også på andre kroppslege uttrykk, så vi tek dei med her i innleiinga:

Emblem

Kvinne viser fingeren. Foto.

Desse er teikn som ein etter kvart har blitt samde om tydinga av. Dei som lever i same kulturkrins vil forstå dei på same måten. Dei kan også omsetjast til språk, og dei fungerer også utan samtidig tale. Emblem er oftast medvitne. Døme: nikke eller riste på hovudet, «vise fingeren», helseteikn.

Illustratorar

Desse er etterliknande teikn, dei blir brukte for å illustrere det som blir sagt. Illustratorar er delvis medvitne. Døme: peike med fingeren for å vise retning, vise fingrar for å opplyse om tal, teikne ein boge i lufta for å illustrere ei vakker kvinne, bruk av taktstokk.

Regulatorar

Desse er teikn som går på samhandlinga mellom partane. Dei regulerer og held samtalen i gang. Regulatorar er oftast svakt medvitne, dei blir brukte utan at ein tenkjer over det. Døme: be om eller gi frå seg ordet – turskifte, skiftande blikkontakt, spørjande uttrykk, nikke som respons frå mottakar.

Kjenslesymptom

Ung kvinne stikker tunga ut. Foto.

Desse er teikn som viser kjensler eller sinnstilstand. Dei kan forsterke eller motseie ein verbal påstand. Kjenslesymptom kan vere naturlege eller tillærde, medvitne eller umedvitne. Døme: smile høfleg, veksle blikk, raudning. Det er vanleg at nyforelska er svært observante overfor kjenslesymptom.

Berøring

Dette er teikn som tildømes berøring av seg sjølv, den andre eller gjenstandar. Slike teikn er ofte umedvitne eller ein uvane som ikkje er meint som kommunikativt teikn. Døme: fikle med halskjedet eller slipset, klø seg i ansiktet, glatte håret, fikle med ein blyant.

Dei fem teiknklassane

Hånd med tommel opp. Foto.

Det er glidande overgangar mellom desse fem teiknklassane. Å klø seg i hovudet (berører) har til dømes fått emblematisk tyding, det vil seie at vi tillegg teiknet bestemte meiningar som vi i vår kulturkrins oppfattar meir eller mindre på same måten. Til dømes oppfattar vi det å klø seg i hovudet som at vi grublar på noko. Nokre teikn kan oppfattast som ikon (bilete), andre som indeksar (peiketeikn), nokre som symbol (vilkårlege). Vilkårleg vil her seie at det ikkje er ein direkte likskap mellom teiknet og det som blir uttrykt, tydinga er tileigna kulturelt som ein konvensjon (semje).

  1. 1«Ikkeverbal kommunikasjon: introduksjon til en tverrvitenskap». Olaf Øyslebø. 1988.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter