Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kor stor rolle speler ansiktsuttrykk og kroppsspråk for kommunikasjonen mellom menneske? Det er anslått at ikkje-verbal kommunikasjon står for 70 % av det mottakaren tolkar. Det er altså ikkje nok å tenkje på kva ord du vel.

Nærbilde av pantomimeartist. Foto.

Ikkje-verbal kommunikasjon vil, enkelt sagt, bety kommunikasjon utan ord. Nemninga «nonverbal» blir også brukt. Det er kanskje litt merkeleg å definere denne forma for kommunikasjon ved noko ho ikkje er – ho er ikkje kommunikasjon med ord.

Vi skal ta for oss kroppsspråk og fokusere på ansiktet, auga og blikket og handrørsler, såkalla gestar. Vidare skal vi sjå på kroppsrørsler, kroppsstillingar, eller positurar, og kroppskontakt og helseskikkar. Vi skal òg sjå på korleis ein bruker avstand og rom i ulike kulturmøte. Til sist skal vi sjå på andre ikkje-verbale signal.

Kva er då ikkje-verbal kommunikasjon?

Det er mogleg å sjå på musikk, matematikk, arkitektur, lukt, dans og temperatur som ikkje-verbal kommunikasjon. Her skal vi likevel avgrense oss til ikkje-verbal kommunikasjon i situasjonar der menneske møtest ansikt til ansikt. Det omfattar kroppsåtferd, mimikk, gestar, kroppsrørsler, kroppskontakt og bruk av avstand og rom. Vi vil også ta med utsjånad og klesdrakt, mens kulturprodukt som kunst, teater, ballett, musikk, matematikk og skjønnlitteratur vil bli haldne utanfor i denne samanhengen. Men slike ytringar blir behandla i andre delar av KK1.

I romanar og annan skjønnlitteratur er det nokså vanleg med tilvisingar til ikkje-verbale kodar som å kviskre, brøle, nikke, sjå bort, smile, rynke panna, setje seg, reise seg, klesdrakt, møblar, heimstad og så bortover. Det kan vere svært nyttig å leggje merke til slike uttrykk når vi her skal drøfte ikkje-verbal kommunikasjon. Vi skal også drøfte forholdet mellom tekstar og ytringar seinare.

Svært ofte opptrer fleire ikkje-verbale uttrykk samtidig. Du kan for eksempel smile, nikke og slå ut med armane. Du kan også snakke samtidig. På den måten kan verbale og ikkje-verbale ytringar medverke til å forsterke eller svekkje det som blir sagt.

Bevisst eller ikkje-bevisst kommunikasjon

På same måte som ved verbal kommunikasjon kan ikkje-verbale ytringar oppfattast som teikn og symbol som står for noko anna enn det direkte. Dei kan vere medvitne eller umedvitne, med vilje eller ikkje med vilje. For dei fleste av oss er å raudne noko som vi ikkje sjølve har kontroll over. Skarpe observatørar kan gjennom å lese ansiktsuttrykka våre og kroppsspråket vårt, gjette seg til kva sinnsstemning vi er i, særleg dersom vi deler dei same kulturelle kodane.

Dersom vi ikkje deler dei same kulturelle kodane, kan avlesinga ofte vere feil. Kroppsspråket er nemleg ikkje internasjonalt. Ein bulgarar vil nikke når han meiner nei, og riste på hovudet når han meiner ja. Dette kan opplevast nokså forvirrande for oss som gjer det motsette.

Også teiknspråket som døve bruker, varierer frå land til land. Døve treng også ein tolk som kan omsetje teiknspråket til den varianten dei sjølve bruker.

Kulturar har ulike reglar for ikkje-verbal kommunikasjon

I denne delen må vi likevel bruke ein heil del stereotypiar om land, folk og skikkar. Stereotypiane er karakteristikkar av grupper av menneske sett under eitt, men sjølvsagt finst det mange individuelle variasjonar innanfor eit land, slik som hos oss.

Den beste måten å lære korleis riktig ikkje-verbal oppførsel er, er å sjå, spørje seg for og lære av dei som lever i den kulturen vi er gjestar i. Det er mykje i ordtaket: "When in Rome, do as the Romans." Reglar for ikkje-verbal kommunikasjon er ofte umedvitne, og det er først når nokon spør og legg merke til dei at ein blir merksam på alle dei uskrivne reglane som finst.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter