Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
  5. Ansikt, ære og skamChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ansikt, ære og skam

Skam og ære er omgrep som finst i alle kulturar. I kollektive kulturar er dei særs viktige. Om du bringer skam over deg sjølv og andre, mistar du ansikt. Å øydeleggje æra til familien kan få store konsekvensar.

Syklister og forurensning. Foto.

I mange kulturar, og særleg i Kina og Japan, er tap av ansikt særs alvorleg. Ansikt må i denne samanhengen ikkje forståast bokstavleg, det dreier seg om ære, vyrdnad eller sosialt omdømme.

Å miste ære er å tape ansikt

«Å miste ansikt» heng nøye saman med omgrep som skam og ære. Skam og ære regulerer fellesskap og samliv i tette samfunn der menneska lever nær kvarandre utan at det er mogleg å flytte unna. Menneska er ein del av gruppa, og får statusen og verdien sin innanfor denne samanhengen. Å bli akseptert av andre blir dermed viktig, og viser kva plass den enkelte har i gruppa.

Ære er den godkjenninga som ein person blir tillagd, ikkje berre av seg sjølv, men også av samfunnet elles. Ein arabar vil vakte på familieæra si, på rang og rykte, og legg vekt på å opptre på ein slik måte at andre får eit godt inntrykk av han. Spesielt er han oppteken av at kvinnene i familien blir verna og bevarer si ære. Derfor kan dei ikke gå ut utan i følgje med mannlege familiemedlemmer.

Skam er å miste ære, det er «å tape ansikt», å bli utsett for spott frå fellesskapet. Ein person utan skamkjensle er ein respektlaus, nærmast pervers person som klart og tydeleg bryt samfunnsnormene.

Eiga og andre si skam

Det er fleire måte ein kan tape ansikt på. Til dømes kan offentleg irettesetjing føre til at ein person blir krenka. Om ein medarbeidar insisterer på å rette ein feil, ved open konfrontasjon, kan den overordna bli sett i ein pinleg situasjon. Også latterleggjering – til dømes vitsing som går ut over andre, kan gjere at nokon mister ansikt. I kulturar der skam og ære er viktig, må du passe på både din eiga og andre si ære, at ingen mistar ansikt.

På ein norsk folkehøgskole var det to elevar frå Thailand i ein klasse. Dei hadde lært godt norsk og prata lett med andre medelevar. Men lærarane klaga over at dei var passive i timen. Då saka blei undersøkt nærmare, kom det fram at i Thailand var det ikkje vanleg å stille vanskelege spørsmål til læraren, for om læreren ikkje kunne svare, ville læraren miste ansikt framfor heile klassen. Det ville vere så alvorleg at elevane tagde heller stille. Kor mange norske elevar har tenkt på det når dei stiller spørsmål til læraren?

I Kina og Japan er frykta for å tape ansikt, og dermed sjølvrespekten, så sterk at mange vil gjere alt dei kan for å unngå skamma. Ritual og korrekte omgangsformer blir då viktige for å halde relasjonane innanfor godtekne normer. Å gjere feil, å dumme seg ut, eller å bli latterleggjord, må for all del unngåast. Særleg gjeld det å vise eldre og autoritetspersonar ære. Harmoni og balanse er viktige stikkord for det mellommenneskelege forholdet.

Æra til familien viktigst

Det er ofte endå viktigare å bevare ansiktet til familien, enn det er å bevare eige eller den andre sitt ansikt. Foreldre kan formane barna til å bevare omdømmet til kollektivet eller familien. Eit barn som har fått ei god oppseding skal lære å lytte, men må ikkje svare foreldra sine eller eldre føresette. Harmonien må framfor alt bevarast.

Ei jente som er ulydig mot far sin, for eksempel når det gjeld kven ho vil gifte seg med, viser ikkje respekt eller ærefrykt, men utset familien for skam. Indirekte viser ho også alle andre at familiefaren er ein mann som ingen treng å respektere. Då kan det bli viktig for faren å vise at dottera tok feil. Har ho krenkt familien si ære, vil mange meine at ho fortener straff. I enkelte tilfelle kan dette føre til mishandling og æresdrap.

Æresdrap er ikkje berre noko som rammar kvinner frå minoritetar. «Siden årtusenskiftet og til 2009 er 81 kvinner drept av sine menn i Norge. Når det er hvite, heterofile norske menn det gjelder, så kalles drapene gjerne en ‘familietragedie’, dersom de har minoritetsbakgrunn kalles det ‘æresdrap’. Bidrar begrepene til å tildekke at lite blir gjort med noe som er et alvorlig samfunnsproblem?»[1]

Les meir

Om tap av ansikt: Om Kina - Kwintessential

  1. 1«Æresdrap på norsk». Heidi Nordby Lunde. 2009.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter