Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
  5. KommunikasjonssfærarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjonssfærar

Har du opplevd at ein framand har spurt deg om noko du ikkje har lyst til å svare på fordi det er personleg, noko du berre deler med dei nærmaste? Vi har individuelle grenser for kva vi deler med kven, men det er også kulturbestemt.

To kvinner som snakker sammen. Foto.
Kven deler du privatlivet ditt med?

Vi kommuniserer på ulike måtar – både verbalt og ikkje-verbalt – med personar som står oss nær og personar som står oss fjernt. Samtaleemna er heller ikkje dei same.

Vi kan illustrere dette fenomenet med ulike sirklar rundt personen «ego» og kalle dei kommunikasjonssfærar. Sett innanfrå og utover kan vi gi dei namn og setje i parentes kva sosiale relasjonar dei opnar for:

  1. intim sfære (familiemedlemmar), radius 0,5 m
  2. personleg sfære (vener), radius 1,3 m
  3. sosial sfære (arbeidskameratar, kjenningar, forretningsforbindelsar), 3,5 m
  4. offentleg sfære (myndigheitene, politikarar), 7,5 m
Modell som viser kommunikasjonssfærane. Illustrasjon.
Kor tett innpå slepper du andre menneske?

Slike kommunikasjonssfærar er til vanleg ikkje synlege, men blir synlege i visse situasjonar. Når nokon overskrid den usynlege grensa mellom intim sfære og personleg sfære, eller mellom sosial sfære og offentleg sfære, oppstår det lett irritasjonar og misforståingar. Ved at vi beveger oss innanfor feil kommunikasjonssfære, kan vi lett såre andre utan at vi ønskjer det.

Ulike normer gir sfæreoverskriding

Dersom partane i ein kommunikasjon har ulik sosial eller kulturell bakgrunn, kan det lett oppstå slike sfæreoverskridingar. Når du som norsk lærar for minoritetsgrupper får følgjande spørsmål frå studentane dine «Korleis har mannen din det, korleis har barna dine det?», kan det følast som ei inntrenging i den personlege sfæren. Du kan tenkje noko slikt som dette utan å seie det: «Det har du ikkje noko med, det er privatlivet mitt».

Minoritetsstudenten oppfører seg berre heilt naturleg i forhold til vanlege normer for høfleg framferd i heimlandet sitt. Han eller ho kan på si side bli lett forvirra når slike innleiande, kontaktskapande spørsmål, ikkje blir følgde opp frå læraren si side. Det ville vore sjølvsagt der vedkommande kjem frå.

På den andre sida: Når læraren har sagt at dei kan kalle henne med fornamnet Wenche og seie «du» til henne, kan det ut frå den andre si kulturelle referanseramme oppfattast som ein invitasjon til å bevege seg inn i den meir intime sfæren. I eleven sin kultur er det kanskje vanleg å bruke tittel og etternamn. Slike situasjonar kan lett opplevast forvirrande for begge partar.

Kva er privat og kva er offentleg?

På same måten kan ein norsk forretningsmann i Kina bli overraska når kinesaren rett etter den første helsinga spør kor mykje nordmannen tener, eller kva parti han stemmer på. For kinesaren kan slike spørsmål høyre til den offentlege sfæren. For nordmannen høyrer dei til den personlege sfæren som han vanlegvis berre opnar for nære venner.

For kinesaren er det viktig å kjenne til sosial status og rang for å kunne byggje riktige sosiale relasjonar. Det er derfor han spør, noko som ville ha vore heilt akseptabelt i kinesisk kultur.

I Noreg har vi ein praksis som krev offentleg innsyn i økonomiske forhold. Amerikanarar som bur i Noreg og skattar til norske styresmakter, reagerer oftast negativt på at skattelistene er offentlege. For dei gir denne praksisen offentleg innsyn i det dei oppfattar som personlege affærar, noko som kjennest krenkjande.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter