Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
  5. Kollektive samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kollektive samfunn

Har du blitt bedt om å ta ansvar, bli sjølvstendig og tenke sjølv? Det er typiske verdiar i eit individualistisk orientert samfunn. I andre samfunn er kollektivet viktig. Der er det viktigast å innordne seg verdiane og normene til storfamilien og gruppa du høyrer til.

Gruppeprotrett av familie med tre generasjoner. Foto.

Ordet kollektiv kjem av latin (colligere, samle). Det blir brukt som nemning på at menneske er avhengige av kvarandre moralsk, politisk og sosialt. Eit kollektiv er ei gruppe (familie, klan, stamme, samfunn). Ordet blir ofte brukt i motsetning til individ, enkeltpersonar. Individa i eit kollektiv vil føle sterk lojalitet til kollektivet.

I våre skandinaviske samfunn blir vi sosialiserte vi inn i eit individualistisk orientert samfunn. Som nyfødde blir vi lagde i ei eiga seng, vi blir trilla åleine i barnevogna og bada åleine. Dei fleste barn og ungdommar i Noreg har eige rom. Barneoppseding har som mål at vi skal lære «å stå på eigne bein» og kunne ta sjølvstendige val og avgjerder.

Gruppetilhøyrighet viktigare enn individet

I Japan, og mange andre stader, skal barnet liggje hos mor si, det det blir bore på ryggen, det badar saman med vaksne. Målet for barneoppsedinga er ikkje at barnet skal lære å stå på eigne bein, men at det skal lære å innordne seg i kollektivet – i storfamilien og i gruppa.

Når ein japanar presenterer seg sjølv, er det vanleg først å nemne kva gruppe eller kva for eit firma han høyrer til, deretter seier han familienamnet sitt, og til slutt fornamnet.

Ein japanar vil ikkje presentere seg ved å seie: «Namnet mitt er Hiroshi Motoyama.» Dersom han arbeider for Takashimaya Department Store i Tokyo, vil han seie: «Takashimaya no Motoyama Hiroshi.» Dette betyr: Takashimayas Motoyama Hiroshi. Firmatilknytinga og posisjonen i firmaet gir han sosial status.

For japanarane er gruppetilhøyring svært viktig. Dersom dei ikkje kjenner til kor ein framand høyrer til, er det ikkje mogeleg å identifisere innbyrdes rang. Dei blir då usikre på korleis dei skal tiltale kvarandre og korleis dei kan sitje i forhold til kvarandre.

Løysinga på problemet er for japanarane å utveksle visittkort når ein møter framande. Visittkortet inneheld viktige opplysningar om tilhøyring, for eksempel kva firma vedkommande arbeider i, kva slags stilling han har i firmaet, og til slutt namn og adresse. Individet representerer heile tida storfamilien og bedrifta.

Storfamilier i Afrika

Storfamilien er også det sentrale utgangspunktet i dei fleste afrikanske samanhengar. Nelson Mandela fortel:

Som barn kan jeg faktisk knapt huske en eneste gang da jeg var alene. I afrikanernes kultur blir sønnene og døtrene til tanter og onkler betraktet som ens brødre og søstre, ikke fettere og kusiner. Vi skjelner ikke mellom slektninger på samme måte som hvite. Vi har ingen halvbrødre eller halvsøstre. Min mors søster er min mor, min onkels sønn er min bror, min brors barn er min sønn eller datter. (Henta frå Veien til frihet.)

Eit afrikansk ordtak seier «Mennesket er andre menneske». Eit menneske er ikkje noko menneske utan i samspel med andre. «Vi» er meir brukt enn «eg» av menneske med ein kollektiv bakgrunn. Motsatsen til storfamilien er kjernefamilien som er det mest vanlege utgangspunktet hos oss: mor, far, barn. Våre onklar og tanter kan ikkje kallast «far» og «mor», fetrane og kusinene våre blir ikkje kalla «brør» og «systrer».

Kjelde:

Mandela, N. (2003).Veien til frihet. Oslo: Aschehoug

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter