Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tid som kontekst

Kva er tid? Kyrkjefaderen Augustin skal ha sagt: «Dersom ingen spør meg, veit eg det. Om eg skal forklare det til nokon som spør meg, veit eg det ikkje.» Tida er noko vi erfarer kvar dag, men det er vanskelig å forklare kva tid er.

Analoge klokker. Foto.

Det finst kvite menneske som hevdar at dei aldri har tid. Dei spring hovudlause omkring, som om dei er besette av djevelen, overalt der dei kjem skaper dei angst og ulykke, fordi dei har mista tida si. Denne vrangførestellinga er ein frykteleg tilstand, ein sjukdom som ingen medisinmann kan kurere og som smittar mange menneske og fører dei ut i elendet[1]

Eric Scheurmann har skrive ned desse orda som skal vere frå høvding Tuiavii frå Samoaøyane. (Sannsynlegvis avspeglar boka dei stereotype oppfatningane ein europear har om samoanarane. Kommentarane er likevel karakteristiske.)

Scheurmann fortel at høvdingen hadde vore i Europa og gjort skarpe observasjonar som han ville formidle til øybuarane i nokre talar. Han hadde oppdaga at europearane ikkje har tid: «Når klokka slår, klagar den kvite mannen over at tida går, at tida flyg frå han. I staden burde han tenkje på at når klokka slår, betyr det at det kjem ein heilt ny time til!»

Vi opplever tid ulikt

Alle menneske har eit forhold til tid. Men opplevelinga av tid kan variere. I vårt oppjaga industrisamfunn synest skildringa til Tuiavii å vere nærmast paradisisk. Det er slik vi gjerne vil ha det i ferien. Vi har alle ulike forventningar til tida.

På Madagaskar brukar dei metaforer (billedlige uttrykk) om tid som tyder på at framtida ligg bak dei mens dei ser inn i fortida:

Når jeg ser på deg, er du nåtid, nærværende (eng: presence) her foran meg. Når jeg lukker øynene, kan jeg se for meg det som hendte i går, jeg kan se for meg hendelser som har vært, jeg ser mine foreldre og besteforeldre og forfedrene. Alt dette ligger foran meg. Men ingen av oss har øyne i nakken, vi kan ikke se inn i fremtiden[2]

Dersom vi skal sjå tid på denne måten, må vi dreie verdsbiletet 180 grader slik at vi kan oppleve at framtida kjem bakanfrå. Denne måten å sjå det på, er uvanleg for oss. Hos oss kappspring vi med ei framtid som heile tida ligg framfor oss, så legg vi tida bak oss, opplevingane blir fortid. Vi får aldri nok tid.

Når gassarane ønskjer kvarandre godt nyttår, seier dei: «Gratulerer for året har innhenta deg!» Dei treng med andre ord ikkje jage etter ei tid som slepp frå dei, for tida kjem bakanfrå, blir notid i det nærverande og held fram inn i fortida som alltid ligg framfor dei.

Desse måtane å tale om tid på er sjølvsagt metaforar, men fleire studiar tyder på at det går an å leve med ulike førestellingar om tid. Vi skal ta for oss tre måtar å oppfatte tida på.

Lineær tid

I ei lineær tidsoppfatning må vi sjå for oss tida som ein akse. Vi kan rekne framover og bakover på denne aksen. Vi kan markere med strekar på aksen ting som har skjedd i fortida, og vi kan markere kva som skal skje i framtida. Konsekvensane av denne måten å sjå tid på er at tida blir målbar og føreseieleg.

Vi brukar ur, kalendrar og mobiltelefonar for å hjelpe oss med målinga. Med andre ord: Tida har blitt ein ting, eit objekt,som vi kan ta stilling til. Legg merke til at vi brukar dei same omgrepa om tida som vi brukar om ting: Tid kan sparast, brukast, kastast bort. Vi forvaltar tida som ein annan gjenstand, vi budsjetterer med ho, og deler ho opp i timar, minutt og sekund.

Lineær tidsforståing er framtidsorientert

Eit viktig resultat av denne tidsforståinga er at planlegging blir mogleg. Vi er blitt dyktige til å planleggje dag, veke og månad. Vi avtalar møte, lagar timeplanar og plottar avtalar inn på mobilen for å halde kontroll med tida vår. Vi må passe tidsfristar, det som engelskmennene med et dramatisk namn kallar deadlines.

Det er ikkje berre vårt daglege arbeid som må planleggjast. Vi planlegg også fritid og feriar, likevel får vi aldri nok tid. Heile arbeidsdagen vår blir prega av industrisamfunnet sine ideal: presisjon, disiplin, kontroll. I samfunnet vårt må barn ganske raskt lære denne tidsforståinga. Allereie i barnehagen blir klokkesletta drilla inn. Barna må lære å respektere andre si tid.

Ein konsekvens av den lineære tidsforståinga er at vi i stor grad blir framtidsorienterte og ikkje klarer å leve i augneblinken Vi jagar heile tida mot noko som ligg der framme, og har nesten ikkje tid til å sjå oss tilbake. Tida blir eit gode som vi har for lite av, og som vi blir haldne ansvarlege for og som vi aldri får nok av.

Syklisk tid

I ei syklisk tidsoppfatning ktidsoppfatning kan tida oppfattast som noko som roterer rundt og rundt i ein sirkel. Gjentaking og rytme er viktige stikkord for denne oppfatninga. Forkynnaren i Det gamle testamentet seier det slik:

Det som var, skal alltid vere, og det som skjedde, skal atter skje.Det finst ikkje noko nytt under sola. (Fork. 1.9)

Alt som har vore, skal komme igjen; det som er, er berre ein repetisjon av fortida. Ei slik haldning til tid er eigentleg svært naturleg. Kvar dag er ein syklus: Sola står opp, vi gjennomfører visse morgonritual, frukost og tannpuss, så er det arbeid, måltid, sola går ned, og det er sengetid. Dette gjentek seg om igjen og om igjen.

Naturen sjølv markerer rotasjon i syklusen: Dagar, månader og år, viktige hendingar og festdagar kjem med jamne mellomrom, og årstidene følgjer etter kvarandre etter eit fast mønster. Vi ser etter vårteikn, dei første snøklokkene, og skriv i avisa når vipa har kome til Jæren.

Menneske som lever tett opp til naturen – bønder, jegerar, fiskarar og nomadar – følgjer med i rytmen. Dyra skal på beite, dei følger sesongvise vandringar, slik som det blei gjort i den norske seterdrifta. Lofotfisket og sildefisket var klare sesongmarkørar. For skuleelevar er feriar og merkedagar slike markørar. Syklisk tid er ikkje berre ei eksotisk tidsforståing som vi finn i sørlege strok. Vi kan sjølv kjenne oss igjen i denne oppfatninga.

I syklisk tid blir fortiden gjentatt

Ein konsekvens av denne sykliske oppfatninga av tid er at personar i større grad kan bli fortidsorienterte:

Det fekk eg klart for meg då eg spurde bøndene på Madagaskar om kvifor dei samla såkorn. Eg tenkte at det i det minste kunne liggje eit element av planlegging i slike handlingar. Men svaret var: «Det har vi alltid gjort på denne tida av året.» Med andre ord: Det var sesongbestemt. Framtida var ei gjentaking av fortida.[3]

Framtida blir ikkje sett på som eit val blant ulike alternativ. Den er bestemt av det som har skjedd før. Men den neste syklusen treng ikkje bli heilt identisk med den forrige. Ein kan tenkje seg tida som ein kombinasjon av lineær og syklisk tidsforståing ved å teikne ein spiral som viser ei viss fremdrift, frå den eine til den andre syklusen.

Med ei slik tidsforståing blir tida ikkje knapp. Det kjem heile tida meir tid, slik som høvdingen frå Samoa lét oss forstå. Det blir meir eit spørsmål om å innordne seg i naturens rytme.

Sjølv om dei mest ekstreme konsekvensane av ei slik livsforståing kan verke noko eksotiske for oss, innser vi at også vi har med oss element av denne tidsforståinga i vår eigen livsrytme i vårt eige samfunn.

Hendingstid

Denne tidsoppfatninga er på fleire måtar den lineære tidsoppfatninga sin rake motsetning ved at den er ei subjektiv oppleving av tid. Tid er når noko skjer – det er hendingar som gir oppleving av tid.

Hendingstid kan ikkje målast, kastast bort, eller sparast, men berre erfarast. Tida er knytt til at noko skjer – hendingar. Det er hendingane som set i gang aktivitetar – handlingar. Når det dryp i senga, må taket reparerast, men ikkje før. Det er hendinga – lekkasjen – som set handlinga i gang. Handlinga er ikkje eit resultat av planlegging, men av at noko skjer som krev handling.

Det er mange som har opplevd dette når det blir innkalla til eit møte. Til fortviling for mange europearar som er lærde opp til planlegging og tidsbestemte avtalar, så begynner ikkje møtet på eit fastsett tidspunkt, men når «alle» er komne. «Alle» betyr dei viktigaste personane som skal vere med på møtet.

Slik er det også med bussen. Bussen går når han er full. Det er ikkje tidspunktet som er det avgjerande for når bussen skal gå. Det er hendinga – at han er full – som set han i gang.

Filippinsk buss. Foto.
Filippinsk buss går når bussen er full.

Dette systemet ligg nær opp til ein hand-til-munn-økonomi, som tilseier at det er viktig å ha nok passasjerar for å kunne betale kostnadene. Ein lagerforvaltar på en jordbruksskole i Afrika følgde same prinsippet. Han tinga aldri nye varer til lageret før det var tomt. Nye varer til lageret, reservedelar og varer for sal til bøndene blei tinga når lageret var tomt og ikkje før. Det var hendinga: det er ikkje meir igjen, som førde til ny tinging.

Den afrikanske religionsforskaren John Mbiti har skrive om afrikansk tidsforståing. Han har følgjande døme:

Det sit ein afrikanar under eit tre utan å gjere noko. Ein europear som kjem forbi, vil seie at han «kastar bort» tida. Men det gjer han ikkje, sier Mbiti, for så lenge ingenting skjer, er det inga hending, det er «ikkje-tid», og følgjeleg er det ingenting å kaste bort![4]

Tenk på det neste gong du venter på ein buss som ikkje kjem. Når ingenting skjer, er det «ikkje-tid».

Hendingstid dreier seg rundt menneske her og nå

I eit slikt tidsperspektiv blir menneske viktige og får prioritet - forrang. «Eg kunne ikkje komme før, for eg møtte onkelen min på vegen,» sa ein student til meg på Madagaskar. Eg hadde gjort avtale med han at han skulle møte på kontoret mitt på eit bestemt tidspunkt.

Menneske av kjøtt og blod er viktigare enn abstrakte tidsavtalar. Derfor er det også vanleg å gjere om avtalar og improvisere - finne løysingar på ståande fot. Faktisk er det slik at improvisasjonar, der ein set andre ting og avtalar til side for den personen ein akkurat no snakkar med, bekreftar dei menneskelege relasjonane som aller viktigast.

Ein konsekvens av denne tidsforståinga er ei sterk notidsorientering. Planlegging for framtida blir heilt abstrakt, tidsfristar blir meiningslause. Å rekne ut alder i så og så mange år er dumt. Fødselsdagar blir utan meining, noko det norske utlendingsdirektoratet også har oppdaga når nye innvandrarar skal registrerast. Det er mange som ikkje anar når dei blei fødde. Dei har heller ikkje attestar som kan vise det. Kva gjer ein då når ein skal registrere personnummer?

Sørhavshøvdingen seier det slik:

Kor gammal ein er, betyr kor mange månar ein har levd. Denne teljinga og rekninga er full av farar, for på denne måten har ein funne ut kor mange månar dei fleste menneskeliv varer. Alle passar heilt nøyaktig på, og når ganske mange månar er omme, seier dei: «No må eg snart døy.» Dei kjenner inga glede meir og døyr då også ganske snart[5]

Sjølv om denne tilnærmingsmåten til tid kan verke noko framand på oss, må vi vel innrømme at også vi kan oppleve tid subjektivt. I eit hyggeleg selskap går tida fort, mens når vi ventar på ein buss som ikkje kjem, går tida sakte. Også hos oss spelar handlingstid ei viktig rolle, men denne tida kjem ofte i konflikt med krava som den lineære tida stiller til oss.

Kanskje hendingstida ligg nærmere den oppfatninga av tid som barn har? Tida er fylt med innhald og ikkje noko abstrakt. Kanskje vi alle har noko å lære av andre oppfatningar av tid?

Sjå intervju om tid og det å dele

Intervju med Arne Næss

  1. 1«Papalagi: taler». Tuiavii. Gyldendal. 1981.
  2. 2«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.
  3. 3«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.
  4. 4«African religions & philosophy». John Mbiti. Heinemann. 1969.
  5. 5«Papalagi: taler». Tuiavii. Gyldendal. 1981.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter