Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Individuelle faktorar som kontekst

Tenk deg at du er på skogtur med ein ven. Tror du de legg merke til dei same luktene, dei same landskapstrekka og høyrer dei same lydane? Føler begge det å halde ein stein heilt likt?

Oppvekst. Foto.

Vi skal her vi ta for oss korleis individet observerer og dannar seg inntrykk – persepsjon, og korleis menneske har kjensler og viser kjensler – emosjon. Slike individuelle faktorar er viktige for kva slags forventningar vi har, og for kva slags tolkningsnøklar vi stiller med, når vi sender teikn og meldingar til kvarandre og prøver å tilskrive dei meining.

Persepsjon – vi ser med erfaringa vår

Persepsjon handlar om korleis vi oppfattar og fortolkar dei inntrykka vi får via dei fem sansane våre: syn, høyrsel, lukt, smak og berøring. Vi tek imot ein ustanseleg straum av sanseinntrykk, men det er berre nokre få av desse vi legg merke til.

Det betyr ikkje at andre sanseinntrykk går tapt. Dei dannar ein vag bakgrunn med meir eller mindre klare detaljar. Dei er ofte til stades i undermedvitet og kan få merksemd straks det skjer noko som gir ny informasjon. Når vi sit og les, er merksemda knytt til lesinga; men dersom nokon ropar, skifter straks merksemda.

Indre og ytre faktorar

Både ytre og indre faktorar spelar inn. Ytre faktorar som intensitet, storleik, kontrast og rørsle har mykje å seie for kva merksemda blir retta mot. Dette gjeld særleg visuell persepsjon.

Men også indre faktorar betyr mykje: motivasjon, forventning, verdiar, vanar og haldningar. Dersom du treng pengar og du er i farten, er det berre éin ting som kan fange merksemda di: skiltet med bokstavane MINIBANK.

Du kan ikkje persipere alt

Kvinne som speiler seg, kan også se ut som et kranium. Tegning.
Synsbedrag?

Persepsjon er utveljande, utfyllande og organiserande. Vi kan ikkje legge merke til alt, så derfor vel hjernen vår noko ut for oss. Vi tolkar, fyller ut og kategoriserer informasjonen vi får.

Korleis er vi i stand til å sortere ut visse hendingar framfor andre? Dei fleste forskarar er samde om at denne kunnskapen er eit resultat av læring i ein kulturell kontekst. Gjennom ei rekkje enkelterfaringar heilt frå vår første barndom blir vi opplærde til vi kva vi skal sjå etter og kva som er viktig.

Persepsjon er kulturbestemt

Dei omgrepa og kategoriane som vi bruker til å klassifisere og systematisere observasjonane våre, har vi tileigna oss ut frå det språket vi har lært, og som resultat av sosiale og kulturelle fellesskap som vi har blitt sosialiserte inn i. Og som vi har sett, er slike kategoriar ikkje universelle, men kulturbestemte.

Dersom vi ser ein husfasade, veit vi av erfaring at det er meir bak. Det er ikkje berre ein pappkulisse. Vi veit at vi kan gå rundt huset og inn i huset. Når vi opnar eit rektangulært vindauge, vil det gradvis forandre utsjånad frå rektangel til trapes inntil vi berre ser sida med hengslene. Likevel veit vi at vindauget heile tida er rektangulært. Vi ser forma med vår erfaring.

Utveljinga av inntrykk og organiseringa av dei er ikkje tilfeldig, men blir påverka av interessene og behova våre, kjensler overfor og relasjonar til den andre, tidlegare erfaringar og ikkje minst forventningar.

Vi ser det vi forventar

Forsøk viser at vi har ein tendens til å sjå det vi forventar eller ønskjer å sjå. Har vi dårleg samvit, ser vi dømande blikk frå andre. Ei kvinne som er gravid for første gong, vil sjå gata full av kvinner med store magar. Første dag du går tur med ein hund, ser du mange andre som går tur med hund. Tidlegare har du ikkje lagt merke til dei.

Vi kunne kanskje tru at oppfatning av bilete skjer på den same måten i alle kulturelle samanhengar, men slik er det ikkje.

Ein misjonær viste fram eit bilete av den bortkomne sonen som kom heim til far sin. Biletet var laga av ein europeisk kunstnar. Faren sprang mot sonen med utstrekte armar. Då folk blei spurde kva dei såg, sa dei at faren var sint. «Han vil slå sonen!» Misjonæren skjønte at biletet var ubrukeleg og fekk ein afrikansk kunstnar til å framstille scena. Han laga eit bilete som viste sonen på kne framfor faren. Faren la kjærleg handen på skuldra hans. Dette biletet oppfatta afrikanarane straks.

Emosjon – kjenslene kommuniserer

Smilet finn du i alle kulturar. Det er vanlegvis eit uttrykk for glede og lette. Alle menneske har kjensler – emosjonar, men dei blir uttrykte ulikt. Uttrykk kan bety ulike ting etter korleis personen er blitt sosialisert inn i ein kulturell samanheng. Heldigvis finst det fleire kjensler, som på same måten som smilet, blir uttrykte ganske likt i ulike kultursamanhengar.

Kommunikasjonsforskaren Ekman rapporterer frå dei omfattande studia sine at dei seks såkalla fundamentale kjenslene – vreide, motløyse, glede, frykt, overrasking og avsky har nokolunde same uttrykk i ulike delar av verda. Desse resultata byggjer på undersøkingar blant mange forskjellige etniske grupper, både med og utan skriftspråk, og også blant blinde og døve barn[1]

Normene er forskjellege

Kjensler kan også få ulike uttrykk i forskjellige kulturar. Det er også store individuelle variasjonar innanfor kulturen. For den som kjem utanfrå, er det ikkje alltid lett å forstå kva som ligg i kjensleuttrykka. Enkelte viser kjensler ope, anten det er kjærleik, glede, sorg eller sinne. Andre undertrykkjer kjenslene, til dømes for å halde på fasaden.

At det finst ulike normer for det å vise kjensler, fekk nokre norske bistandsytarar på Sri Lanka oppleve:

Undertrykking av aggressivitet og andre sterke kjensler var for oss like uforståeleg til å begynne med som våre kjensleutbrot var det for dei. Vi hadde vanskeleg for å tolke singhalesarar som alltid viste blide ansikt og smilte uansett om dei var glade, lei seg, eller blei utskjelte. Litt etter kvart lærde vi oss å tolke, forstå og herme...

For ein nordmann er det ikkje unaturleg å bli sint og «tenne på alle pluggane», som vi seier. Ei spontan utblåsing kan reinse lufta og leggje grunnen for ei sunn vidareutvikling. I Sør-Europa er dette kanskje endå meir vanleg enn i Noreg.

På Sri Lanka, i Japan og blant fleire andre folk i Austen, blir det derimot lagt vekt på å halde på fasaden, særleg overfor overordna. Der blir slike kjensleutbrot opplevde som barnslege, som manglande sjølvkontroll og rett og slett inkompetanse.

Fulanarane i Vest-Afrika er kjende for å skjule og beherske kjenslene sine. Ei norsk kvinne som var jordmor på eit sjukehus i Kamerun, fortalde at det var vanskeleg å vite kor langt fødselen hos ei fulanarkvinne hadde kome, for ho prøvde å ikkje vise riene.

Andre jordmødrer fortel at kvinner frå Tyrkia gjerne hyler og ber seg. Det er venta at dei skal gi uttrykk for kva dei føler i ein slik situasjon. Smerta blir oppfatta som noko positivt som fortel korleis fødselen går framover.

Vi overfører kjensler

Også dei gjensidige kjenslene kan vere viktige. Ofte er det slik at eigne kjensler blir projiserte (overførde) på andre. Dersom den eine parten er mistenksam, opplever vedkommande gjerne at den andre er ute etter ein. Om du sjølv ikkje har baktankar, trur du oftast også godt om andre. Tidlegare positive eller negative erfaringar vil spele ei viktig rolle. Nøkkelen til all kommunikasjon er tillit. Sjølv om det tek tid å opparbeide tillit, er det vel verdt umaken.

  1. 1«What the face reveals: basic and applied studies of spontaneous expression using the facial action coding system». Paul Ekman Erika L. Rosenberg. Oxford University Press. 2005.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter