Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Æresdrap

Når familien si ære betyr alt, kan nokon gå så langt at dei tar livet av den som bringer skam over familien. Unni Wikan fortel i boka si «For ærens skyld» (2005) om kurdiske Fadime som blei drepen av faren sin i Sverige i 2002.

Kurdisk familie. Foto.
Ein kurdisk familie.

Fadime-saka

Fadime sin svenske kjærast, Patrik, omkom i ei bilulykke i 1998. Fire år seinare blei Fadime drepen av faren sin for å ha stått ved kjærleiken sin til Patrik og retten sin til eige liv. «Fadime var ei hore,» sa far hennar til politiet, «problemet er slutt no.»

Fadime blei utsett for truslar av far sin og bror sin alt i 1998. Ved å melde drapstruslane til politiet hadde hun medverka til å gjere saka offentleg. Dermed følte faren seg krenkt og audmjuka. Skamma blei offentleg - ho måtte vaskast av. I det kurdiske miljøet hadde han mist autoritet for å ikkje ha vakta på dottera si. Ved å gjennomføre drapet hadde faren gjenreist familieæra. Fadime sin familie hadde budd i Sverige i 20 år.

Oppgåve 1

Det kan vere vanskeleg å vite kva ein bør gjere i slike situasjonar. Kva tenkjer du?

  • Var det feil av Fadime å stå fram offentleg og erklære kjærleiken sin til Patrik?
  • Var det feil av ho å melde drapstruslane til politiet? Gi grunn for svara dine

Oppgåve 2

Prøv òg å setje dykk inn i faren sin stad: Heile det kurdiske miljøet ville sett på han som ein dårleg familiefar. Han skal ikkje tole utfordringar mot æra si. Han skal råde, styre, kontrollere og straffe. Det er plikta hans - for æra si skuld - som han ikkje eig åleine. Det er kollektivet si ære det dreier seg om.

  • Kva for andre val kunne faren ha tatt?
  • Vil nokon av vala du foreslår kunne hindra at faren mista ansiktet i det kurdiske miljøet?
  • Korleis fargar kulturbakgrunnen din ditt syn på denne saka? (kulturfilteret)

Oppgåve 3

Når kulturar kolliderer:

  • I denne saka møtast to verdsbilete, det kurdiske og det svenske. Samanlikn dei to. Kva for verdiar er like, kva er forskjellige? (bruk gjerne eit Venn-diagram)
  • Kunne ein liknande sak skjedd i norsk kultur? Gi grunn for svaret ditt.

Oppgåve 4

Les bakgrunnsartikkelen om

Drapet på Fadime

. Drøft så spørsmåla:

  • Kva handlar drapet på Fadime eigentleg om?
  • Kva skal til for å hindre æresdrap?

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff