Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale faktorar som kontekst

Frå vi er små, blir vi påverka av menneska rundt oss. Vi lærer å snakke og oppføre oss på ein bestemt måte, og korleis vi skal forholde oss til andre menneske. Kort sagt: Vi blir sosiale vesen.

To ungdommer i et klasserom der en hvisker til den andre. Foto.

Sosiale faktorar legg vekt på mellommenneskelege relasjonar. Vi er alle fødde inn i ein sosial samanheng med familie, venner og kjende. Vi lærer korleis vi skal møte andre menneske, jamaldrande, yngre og eldre, menneske av same kjønn som oss sjølve og menneske av motsett kjønn

Det er i fellesskap med andre at vi blir kulturmenneske. Det er ikkje medfødd. Korleis vi kler oss, og at vi kler oss, er tillært, korleis vi kommuniserer med ord, ansiktsuttrykk og gestar, korleis vi et (med fingrar, etepinnar eller kniv og gaffel), alt dette er lært. Gradvis tileignar vi oss sosiale konvensjonar (semje, vanar), korleis vi skal ta bussen, korleis vi finn fram på kjøpesenteret, korleis vi kler oss når vi skal «på tur», i det heile teke – korleis vi oppfører oss.

Dei fleste sosiale konvensjonane av denne typen tek vi for gitt, vi tenkjer ikkje over dei og tar dei nærmast for naturgitte. Men kjem vi utanfor våre vande sirklar, så møter vi andre konvensjonar, og blir plutseleg merksame på at andre menneske har andre måtar å omgåast kvarandre på. Noko synest vi er merkeleg, noko er interessant, noko kan vi faktisk lære av, og viktigast av alt: det er ved å lære om andre at vi forstår kven vi sjølve er.

Ulike kjønnsroller

Sidan det er kvinner som føder og matar spedbarn, er det vanleg i alle samfunn at det har blitt eit skilje mellom ein hushaldssfære og ein offentleg sfære. Det blir klare skilje mellom det menn kan gjere og det kvinner kan gjere – såkalla kjønnsroller. Kvinnene sin status – plikter og rettar – er då gjerne knytte til hushaldet, mens mennene sin status har vore knytt til den offentlege sfæren.

Kjønnsrollekonfliktar

I mange parforhold der partnarane har ulik kulturbakgrunn, har ulike forventningar til kjønnsrollemønster skapt problem. Ein latinamerikansk mann har gjerne forventningar til at den norske kona skal følgje opp det rollemønsteret han kjenner heimanfrå. Oftast har han hatt ei mor som har stelt hus og heim, og som har teke alt ansvar for mat og barn. Den norske kona forventar på si side at han skal ta del i husarbeid og barnepass slik som andre norske menn.

I ulike forventningar til kjønnsrollene ligg kimen til mange konfliktar. Kjønnsrollekonfliktar kan ein finne også i heilnorske parforhold der partnarane har med seg ulike forventningar frå sin eigen oppvekst og bakgrunn. Det er «to hus inn i eitt», som det har vore sagt. Uklar kommunikasjon om forventningane til den andre er ofte ei kjelde til konfliktar mellom mann og kvinne i parforhold.

Kjønn og makt

I mange samfunn er det oftast menn som har politiske embete. Men det treng ikkje bety at kvinnene er utan makt. Ofte kan kvinnene utøve atskilleg påverknad bak kulissene – og somme gonger også «midt på scenen» – i mannsdominerte samfunn. Arabiske kvinner har vanlegvis det avgjerande ordet i alt som har med hushaldet og barneoppseding å gjere, og ofte også når det gjeld å finne ekteskapspartnarar for barna sine. Jo eldre ho blir, jo større status og makt har ho. Ei som er mor til søner, har endå høgare status enn ei som ikkje har det.

I norske auge kan mange kvinneroller i andre samfunn synast svært undertrykte og ufrie. Kvinner blir utnytta og underordna, dei føder barn, kokar mat og produserer mat. Dei blir stengde ute frå politisk og religiøst liv. Det gjeld også mange kvinner frå minoritetsgrupper i Noreg. Det er ektemann, fedrar, brør og søner som har kontrollen over kvinnene sine produkt og dei barna dei føder.

I nokre land kan ikkje muslimske kvinner bevege seg fritt utanfor heimen utan at dei er i følgje med andre kvinner eller saman med sin eigen mann eller nære mannlege slektningar. Mange slike kvinner hevdar at dei ikkje opplever restriksjonane som undertrykkjande. Ordninga gir dei tryggleik, vern, ære og respekt. For å bevare sitt eige rykte og kvinna si ære, gjer vestlege menn på besøk i muslimske heimar klokt i å ikkje opptre for familiært overfor kvinner.

Alder som sosial faktor

I mange kulturar nyt dei eldre stor respekt. Erfaringane dei har blir sett opp til, og dei blir spurt om råd i dei fleste sakene. Den eldste i familien er familien sitt overhovude, og dei har ofte siste ord når noko skal bestemmast. I dei same kulturane er det vanleg med storfamilier, der fleire generasjonar lever under same tak. Familien tar seg av dei eldste heilt til dei døyr.

I norsk kultur er det vanleg at det er det offentlege som tar seg av dei eldste, ikkje familien. Sjølv om vi kan argumentere for at nordmenn likevel respekterer dei eldste, er det forskjellar. Norsk ungdom tar for eksempel eigne avgjerder, og blir ikkje styrt like mykje av kva generasjonane over meiner. Sjølv om mange lyttar til besteforeldra sine, har besteforeldregenereasjonen i realiteten lite makt. Det er kjernefamilien som er viktigast. Vi skal sjå på korleis alder og familiestrukturar heng saman når vi tar for oss emnet kollektive samfunn.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter