Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
  5. Verdsbiletet som kontekstChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verdsbiletet som kontekst

Kven er vi? Kor kjem vi frå? Kva er meniniga med livet? Verdsbiletet blir brukt til å forme verdiar og normer og til å forklare målet med livet og mennesket si rolle – i forhold til universet, i forhold til overnaturlege makter og i forhold til andre menneske.

Collage av mennesker som ber. Foto.
Kva du trur på, og ikkje trur på, påverkar det du seier og gjer.

Verdsbiletet er «eit sett av meir eller mindre systematiserte trusførestellingar og verdiar som ei gruppe menneske bruker for å vurdere og å gi meining til omgivnadene sine,» ifølgje antropologen Charles Kraft.

Verda kan ein oppfatte på mange måtar. Kulturfilteret er dei brillene vi ser verda i gjennom, og vi har drøfta kor vanskeleg det er å ta av seg desse brillene og analysere det vi ser rundt oss. Ved å kome i nærkontakt med andre kulturar, kan vi bli meir merksame på våre eigne haldningar og verdiar, og kanskje innsjå at vårt verdsbilete ikkje er det einaste – eller den einaste rette måten å sjå verda på.

Vi ser oss sjølve i møte med andre

Dei fleste av oss tek oftast vårt eige verdsbilete for gitt. Det er ofte slik at det er først når vi møter andre sitt verdsbilete at vi blir klare over at vi har eit sjølve. I møte med annleis truande begynner kristne å stille spørsmål ved det kristne verdsbiletet. I møte med kristne og ateistar blir også ein muslim merksam på sitt verdsbilete.

Verdsbiletet er tillært

Verdsbilete og religion heng også nøye saman, som vi skal sjå. Ingen er fødde med eit særskilt verdsbilete. Vi tileignar oss verdsbiletet frå omgivnadene våre, frå foreldre og sysken og gjennom omgang med andre. Vi lærer å tolke kjensgjerningane ut frå dei referanserammene som finst.

Religion pregar verdsbiletet

Verdsbiletet er ofte prega av religiøse oppfatningar, og mange gonger kan dei to ikkje skiljast frå kvarandre. Religion kan forståast som eit system av trusførestellingar som gir retning og innhald til individuell tenking, vurderingsmåte og handlemåte.

Religionen bind saman det vi ser og har rundt oss med det vi ikkje kan sjå eller erfare direkte. Den gir tolkningsrammer som mennesket bruker for å orientere seg i tilværet. Religionen seier ikkje berre korleis tinga er (beskrivande), men også korleis dei bør vere (normativt). Derfor er etikken - levereglane – ofte knytte til religiøse oppfatningar.

Kor mykje blir styrt av religion?

Alle dei store verdsreligionane, som buddhisme, hinduisme, islam, naturreligionar og kristendom, har ein sterk innverknad på verdsbiletet i dei kulturkrinsane dei finst, og dermed også på kulturelle ytringsformer.

Mange religionar er prega av eit totalsyn på menneskelivet. Dei kan omslutte heile den menneskelege erfaringa og i tillegg referere til det som ikkje kan sansast. På denne måten kan religionane få ein absolutt autoritet som kan gjennomsyre alle andre delar av menneskelivet.

Skilje mellom kirke og stat

Ei slik oppfatning kan vere vanskeleg å forstå for oss nordmenn med bakgrunn i vår skandinaviske kristendomsform. I vårt verdsbilete er religion adskilt fra det verdslege. Luthersk kristendom skil «det åndelige» frå «det verdslege regimentet».

Kyrkja har har i dette verdsbiletet ikkje kompetanse når det gjeld politiske løysingar, tekniske konstruksjonar og jordbruk. Likevel har kyrkja eit moralsk ansvar for det som skjer innanfor «det verdslege regimentet» og kan uttale seg om samfunnsspørsmål som til dømes atomvåpen, menneskerettar og naturvern.

Religion som altomfattande system

Muslimsk kvinne. Foto.
Symboliserer hijab berre eitt bestemt verdsbilete?

I mange andre religionar reknar ein ikkje med slike delsystem. Alt som finst er integrert i ei totalpakke.

Slik er det innanfor fleire retningar innen islam. Ein truande muslim i ein slik tradisjon vil sjå på Koranen si skildring av verda, samfunnet og mennesket som naturleg, objektiv, absolutt og ikkje gjenstand for spørsmål.

Innanfor eit slikt verdsbilete blir alt frå styresett til moral dermed udiskutabelt. Ortodoks (rettruande) islam er derfor ikkje berre ein annan religion, men ein bestemt måte å sjå på verda og omgivnadene sine på. Korleis du skal kle seg, korleis du kan ete og kva du kan drikke, blir bestemt ut frå religionen.

Eit norsk eksportfirma trakka i «den kulturelle salaten» då dei sende ein kasse whisky som «takk for hjelpa» til forretningskontakten i Saudi Arabia. Alkohol er forbode for truande muslimar.

Religion speler også ei rolle i sekulære samfunn

Sjølv om vårt eige samfunn er blitt temmeleg verdsleggjort (sekularisert), spelar likevel dei religiøse tradisjonane frå fleire hundreårs luthersk kristendom ei viktig rolle i språkbruk, førestellingar og vurderingar.

Nordmenn er derfor, på ein måte, meir religiøse enn dei sjølve er klare over. Ein norsk ateist – ein som ikkje trur på Gud – har vakse opp i ein kulturtradisjon som på mange måtar er prega av kristne oppfatningar. Og sjølv om ateistar ikkje vedkjenner seg nokon religion, vil dei likevel bere med seg eit verdsbilete som er prega av den.

På same måten vil ein kristen som har vakse opp i vårt verdsleggjorde (sekulariserte) samfunn, ikkje la religionen gjennomsyre alle delar av livet sitt, slik som ein rettruande muslim ville gjere.

Verdsbiletet viktig i kommunikasjonsanalysar

Dersom vi skal prøve å forstå tankegang og førestellingar hos menneske i ein annan kulturell kontekst, vil det vere nødvendig å setje oss inn i verdsbiletet generelt og i religionen spesielt. Det gjeld ikkje berre misjonærar, men også ingeniørar, helsepersonell og forretningsfolk. Verdsbiletet, anten mennesket kallar seg religiøst eller ikkje, vil vere ein del av konteksten for kommunikasjonen.

Vitskapen som tolkingsnøkkel

Verdsbiletet kan brukast som ein nøkkel til å forstå fenomen rundt oss. I vårt samfunn er vi vande til å meine at dei naturlege omgivnadene våre kan føreseiast og er forståelege slik at dei kan beskrivast av vitskapen. Vi prøver derfor å forstå og beskrive årsakene til – eller i det minste dei viktigaste faktorane bak – fenomen som stormar, flaum, sjukdom og helse, lykke og ulykke.

Når noko skjer, prøver vi å finne ut korleis det skjedde, sjølv om vi ikkje alltid kan svare på kvifor det skjedde. Ønsket om å analysere, forstå og forklare er naturleg for oss, vi blir opplærde til det frå vi er små. Det gjer det også mogleg for oss å gripe inn og prøve å beherske maktene eller naturkreftene.

Andre tolkningsnøklar

Menneske som har med seg andre verdsbilete, kan ha andre oppfatningar om universet og livet rundt seg. Deira logikk og tenkjeevne kan vere like god (eller dårleg) som vår, men fordi utgangspunktet er annleis, kjem dei fram til heilt andre resultat enn oss, stilte overfor same fenomen.

Det kan til dømes vere mykje mellom himmel og jord som vi ikkje kan forklare med vitskapen vår, men på grunn av vår tillit til vitskap og forsking, vel mange inntil vidare ofte å sjå på fenomena som «hol» i kunnskapen, noko som nok etter kvart vil kunne forklarast. Vi vel dermed å oversjå det uforklarlege, eller bortforklare det. Ofte er vi så opptekne av å beskrive korleis ting hende, at vi lèt spørsmålet om kvifor det skjedde bli liggjande utan svar.

Mange stader er menneska meir opptekne av kvifor ting skjer enn korleis. Ein nuar frå Sudan spør ikkje berre om korleis ein person blei biten av ein slange då han passerte eit tre. Han vil vite kvifor akkurat denne personen blei biten av akkurat denne slangen på akkurat dette tidspunktet. Mens vi med vår vestlege kulturbakgrunn ville seie: «Det var heilt tilfeldig,» eller: «Slangen blei skremd opp», kan nuar-medisinmannen gi ei heilt anna forklaring: «Denne personen har ein fiende i landsbyen. Fienden har forheksa slangen slik at den hogg til han akkurat denne dagen.»

Ulike forklaringar på sykdom og helse

I synet på helse, sjukdom og læking blir verdsbiletet viktig. For ein som ser på sjukdom som eit resultat av trolldom og vonde ånders inngrep, vil det vere naturleg å forstå sjukdom på denne måten.

For ein som har vakse opp i Noreg, der vi legg stor vekt på vestleg medisin, er det meir naturleg å tenkje seg at sjukdommen skuldast bakteriar, virus, kreftsvulstar eller andre fysisk påviselege fenomen. Behandlinga, og forklaringa på at nokon blir frisk, vil også bli bestemt ut frå det gjeldande verdsbiletet.

Når antibiotika verkar, vil vi i Vesten gi ei forklaring ut frå vestleg skolemedisin. Ein som har eit animistisk verdsbilete der åndene har ein stor plass, vil kunne meine at antibiotika har ei magisk kraft, eller hevde at det står sterke ånder bak verknaden. Sjølv om ein utanforståande kan hevde at den eine oppfatninga er feil og den andre er riktig, vil oppfatninga av sjukdom og god helsetilstand bli bestemt ut frå det verdsbiletet som den enkelte opplever som det rette og beste.

Sjukdomsforklaringar som går på teoriar om balanse mellom kulde og varme, og mellom ulike kroppsvæsker er svært utbreidde. Ifølgje unanimedisinen, som er særleg utbreidd blant muslimar, er det fire kroppsvæsker: svart galle, slim, blod og gul galle. Desse er knytte til naturelement som jord, vatn, luft og eld, og til organ som milt, hjerne, hjarta og lever.

Det vonde auget er ein forklaringsmåte for sjukdom og uhell. Oppfatningar om det vonde auget finst over store delar av verda. Det vonde auget er ei skadeleg kraft i menneske som verkar gjennom blikk, ofte kvinneblikk. Misunning er ofte den årsaka som ligg bak.

Muslimske kvinner i Oslo har fortalt at dei gjennom svangerskapet og i barseltida fryktar det vonde auget frå kvinner som ikkje kan få barn, eller kvinner som har abortert ufrivillig. Derfor prøver dei å avgrense kontakten med andre menneske i denne tida og vernar seg med amulettar og forskjellige ritual. Mange likar ikkje at helsesøster eller andre roser dei nyfødde barna deira, då det kan føre til at nokon vil kaste det vonde auga på dei.

Betydinga av kosthald

Også kosthaldet er viktig for å halde balansen og god helse ved like. For mange muslimar omfattar «kald» mat til dømes enkelte grønnsaker, poteter, sitrusfrukt, ris, yoghurt og mjølk. «Varm» mat er blant anna alle typar kjøt og fisk, gulrøter, smør, olje, sukker og honning. Ved slutten av ein graviditet er ei kvinne i ein «varm» tilstand. Etter fødselen, derimot, er ho «kald». Derfor er varm mat påbode og kald mat forbode for å gjenopprette balansen i kroppen.

Yin og yang

Yin Yang. Illustrasjon.

I tradisjonell kinesisk tankegang held dei universelle kreftene yin og yang kvarandre i balanse slik som framstilt i det kjende symbolet i figuren nedanfor. Yin står for det kvinnelege, mørke og jordiske. Yang står for det mannlege, lyse og himmelske.

Alle motsetningar, også yin og yang, går opp i ei høgare eining: Tao – eit gåtefullt ord som ofte blir omsett med «vegen» eller «prinsippet».

"Det Tao som kan defineres, er ikke det evige Tao. Det navn som nevnes, er ikke det evige navn. Navnløst er opphavet til himmel og jord, nevnt ved sitt navn er det alle tings mor. Er man bestandig fri for begjær, – derved kan man skue dets under; er man bestandig underkastet begjær, – derved skuer man bare dets utkant. Disse to er i sitt opphav ett og det samme, bare navnene er forskjellige. Under ett kaller man dem det dunkle. Det dunkles stadig dypere dunkelhet – alle mysteriers port."

Sitatet skulle vere tilstrekkeleg til å vise at det ikkje er lett å forstå Austens tenking og omsetje den til vestlege språk. Sjølv om ein kan finne tilnærma tilsvarande omgrep innan vestleg religion og filosofi, er meiningsinnhaldet bak omgrepa så ulikt at ein lett får heilt andre assosiasjonar enn det som ligg i omgrepa på originalspråket.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter