Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Viktige kontekstfaktorar

Jo lenger vi oppheld oss i eit anna kulturelt fellesskap, og jo meir vi kommuniserer, desto meir vil vi forstå at vi treng å vite noko meir om omgjevnadene. Vi tilpasser oss dei vi kommuniserer med.

Den gode samtalen. Foto.

Kommunikasjon skjer aldri i eit vakuum (tomrom). Konteksten er en del av omgjevnadane og er med på å gi nøklar til korleis vi skal forstå dei teikn vi sender verbalt eller ikkje-verbalt. Konteksten kan vere

  • fysiske omgjevnader, som kvar kommunikasjonen går føre seg – er det ute eller inne, på gata eller i skogen?
  • føresetnaden for kommunikasjonen – kva er det som ligg bak?
  • formålet for samhandlinga – kva er målet for kommunikasjonen?
  • de sosiale og kulturelle føresetnadane, verdiar og normer, religion og historie – kort sagt alt som kan danne bakgrunn for dei kommunikative handlingane.

Slike referanserammer eller kulturelle kontekstfaktorar er viktige, men skal vi begynne å liste dei opp, blir det snart eit stort og uoversiktleg materiale. Som tidlegare nemnt, blir biletet ytterlegare komplisert ved at partane i ein kommunikasjon vanlegvis gjer ulike delar av desse faktorane relevante.

Ut ifra det vi tidligere har sagt om den dynamiske kulturforståinga, er kultur ikkje berre noko mennesket har, men noko det skaper eller gjer gjeldande i ei samhandling. Kvar av partane ber med seg sitt sett av referanserammer som kan brukast som kulturelle innkodings- og avkodingsnøklar, det som vi tidlegare har kalla kulturfilter.

Vi må derfor gjere eit utval av moglege hovudområde av desse kontekstfaktorane med det formålet å peike ut nokre som er viktige for kommunikasjonssituasjonen.

Tre viktige faktorar

Vi skal ta for oss tre hovudgrupper:

  1. Verdsbiletet (religion, verdiar, normer, tid, osb)
  2. Sosiale faktorar (status, familie, alder, kjønnsroller, jobb)
  3. Individuelle faktorar (erfaring, tenkjemåte, avgjerdssmåtar, kjensler)

Det er ikkje skarpe grenser mellom desse kontekstfaktorane. Dei går over i kvarandre. Forholdet til tid, kunne til dømes like gjerne vore studert under områda for sosiale eller individuelle faktorar.

Måtar å ta avgjerder på kan ha både individuelle og sosiale komponentar. Måtar å tenkje på vedkjem både verdsbilete og individuelle faktorar. Felles for dei alle er at dei kan vere viktige for korleis deltakarar i ein kommunikasjon tilskriv meining til kommunikasjonsprosessane. Dei er også viktige for å bestemme kva for meiningar som blir gjort relevante.

Konteksten ligg i omgjevnadane for ein kommunikasjonssituasjon. Men samtidig er det opp til den enkelte kva faktorar han eller ho gjer gjeldande i den aktuelle samhandlinga eller samtalen.

Når du analyserer ein kultur, må du leite etter korleis faktorane kjem til uttrykk i situasjonen du ser på. Det viktigaste er å observere og prøve å forklare korleis til dømes religion eller alder påverkar kommunikasjonen. Å plassere uttrykka i riktig kategori er ikkje like viktig.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter