Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
  5. Kor mykje betyr konteksten?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kor mykje betyr konteksten?

Konteksten er ikkje like viktig i alle former for kommunikasjon. Nokre gonger ligg all informasjon i det som blir sagt. Andre gonger betyr omgjevnadane mykje for korleis vi forstår ei ytring eller handling.

Symbolet for jeg elsker deg på døvespråk. Foto.
Korleis forstår du dette teiknet?

I interkulturelle kommunikasjonsstudium skil ein mellom høgkontekst og lågkontekst-kommunikasjon. Vi kan seie at kommunikasjonssituasjonen er viktigare i nokre kulturar enn i andre kulturar. Ein av pionerane i interkulturelle kommunikasjonsstudium, Edward T. Hall, skilte tidleg mellom desse formene for kommunikasjon.

I ein lågkontekstkultur er eit ja eit ja og eit nei eit nei. I ein høgkontekstkultur er det ofte slik at eit ja ikkje nødvendigvis betyr ja, fordi informasjonen ligg i konteksten, ikkje i den uttrykte koden ja. Tilsvarande betyr ikkje eit nei nødvendigvis nei. For den som er van med å lese konteksten, kan det godt hende at det betyr «nei, men…».

Lågkontekstkultur

I ein lågkontekstkultur har konteksten mindre å bety, fordi det meste av informasjonen finst i den uttrykte koden, i det som blir sagt.

Dersom du møter ein framand, må du uttrykkje deg ganske tydeleg og kanskje litt omstendeleg for at han eller ho skal skjønne kva du snakkar om. Det er ein lågkontekst-kommunikasjon fordi de ikkje deler felles erfaringar.

Høgkontekstkultur

I ein høgkontekstkultur er det motsett. Der er lite av informasjonen i den uttrykte koden; det meste finst i omgjevnadane – konteksten. I ein høgkontekstkultur ligg meininga like mykje i det som ikkje er blitt sagt som i det som er blitt sagt.

Dersom du kommuniserer med broren din eller systera di, som du kjenner heilt frå de var små, treng du ikkje seie stort. De bruker den same erfaringa i kommunikasjonen – det blir ein høgkontekst-kommunikasjon. Det kan til dømes vere nok at du nemner eit namn, så ler systera di. Informasjonen ligg i konteksten. Overfor ein framand måtte du ty til ei lengre forklaring for at ho eller han skal skjønne kvifor de ler.

Også det ikkje-verbale språket kan vere ulikt. Eit kast med hovudet til systera di kan bety: «Der går mor igjen». Ein framand vil ikkje vite kva dette kastet med hovudet skulle bety utan at du gir han ei lengre lågkontekst-forklaring.

Seremoniar er høgkontekst-kommunikasjon

Ein japansk teseremoni er ein høgkontekst-kommunikasjon. Ingenting blir sagt; all meining ligg i konteksten, tehuset, blomsterarrangementet, klesdraktene, keramikk-mønsteret i koppane og kannene, og i kalligrafien (skjønnskrifta) som blir brukt i bileta. Seremonien reflekterer gamle tradisjonar på ein høgkontekst-måte.

Vektlegginga av kontekst varierar

I alle kulturar finst det både høgkontekst- og lågkontekst-meldingar, men sannsynlegvis har Hall rett i at vektlegginga av kontekst varierer frå land til land og frå region til region. Hall set sjølv opp ein skala der japansk kultur vektlegg konteksten mest, mens sveitsisk kultur vektlegg konteksten minst av dei oppramsa landa og regionane:

Høykontekstkultur

  • japansk
  • arabisk
  • latinamerikansk
  • spansk
  • italiensk
  • engelsk
  • fransk
  • nordamerikansk
  • skandinavisk
  • tysk
  • sveitsisk

Lågkontekstkultur

Tenk over:

Er du overraska over plasseringa av nokre av landa på skalaen her?

Ei forenkling av verkeligheita

Det er all grunn til å vere skeptisk til slike forenklingar av den verkelege samanhengen, der land og regionar blir stilte opp på ein skala frå ein ytterkant til ein annan. Dei fører det blir lage stereotypiar om store grupper/nasjonar. Det er også viktig å spørje kven som set opp skalaen. Kanskje oppfatninga av høg- og lågkontekst ville ha vore annleis om japanaren skulle ha laga ein skala?

Sannsynlegvis er verkelegheit meir komplisert, men ein stereotypi er også det «fyrste og beste ein kan gisse» om ei gruppe menneske, og slik sett kan plassering på ein skala vere eit nyttig utgangspunkt når ein skal samanlikne ulike grupper. Men som vi har sett, varierer også kommunikasjon innan gruppa etter tid, stad og - ja, nettopp: kontekst.

Viktig kunnskap i nokre situasjonar

Det kan vere svært viktig å kjenne til konteksten når du skal kommunisere med menneske med ein annan kulturbakgrunn. Her skal vi berre ta fram nokre få døme. Både i Latin-Amerika og i arabisktalande land treng deltakarane å vite meir om kvarandre før dei kan gjere ein handel. Ein arabar handlar helst berre med kjentfolk som han veit at han kan stole på.

Ein norsk forretningsmann som skal gjere ein handel med ein arabar, gjer klokt i å ta seg tid til å etablere ein vennskap dersom han skal selje noko. Det ligg mykje sant i utsegna: «I Vesten stolar ein på kontrakten, i Austen på kontakten.»

Både i Austen og i Midtausten bør ein seljar ta seg tid til å sitje ned og drikke te/kaffi med eventuelle moglege handelspartnarar. Mange nordmenn har ikkje vore flinke til å gå dei innleiande rundane og snakke om laust og fast – såkalla small talk – før ein kjem til den meir forretningsmessige saka. På den måten har dei mist mange kontraktar, og også gode kontaktar. Utan dei riktige innleiingane og kjennskap til konteksten blir det ikkje forretningar.

Mange gongar kan det stå mykje på spel, slik som da den historiske Oslo-avtala blei underteikna i Washington i 1993 mellom Yitzhak Rabin (Israel), Yasir Arafat (PLO). USAs tidlegare president, Bill Clinton, var med på underteikninga.

Oslo-avtala blir underskriven. Foto.

Les meir om japanske te-seremoniar

Japansk teseremoni

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter