Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
  5. Kontekst og kommunikasjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kontekst og kommunikasjon

Oppgåve 1

Kontekst er eit omgrep som er sentralt i faget:

  • Kva legg vi i omgrepet kontekst?
  • Kvifor er det viktig å kjenne til kontekst når vi studerer kommunikasjon?

Oppgåve 2

l skalaen som viser i kor stor grad konteksten speler inn på kommunikasjonen, har Hall plassert skandinaviske kulturar nærmast lavkontekst-enden av skalaen.

  • Er du einig i at Noreg høyrer til i lavkontekst-enden av skalaen? Forklar kvifor.
  • Finn ulike situasjonar der konteksten speler liten rolle (lavkontekst-kommunikasjon). Forklar kvifor det er ein lavkontekst-situasjon.
  • Finn ulike situasjonar der konteksten speler stor rolle (høgkontekst-kommunikasjon). Forklar kvifor det er ein høgkontekst-situasjon.

Oppgåve 3

Sjå litt nærare på kva som gjer at nokre kulturar blir rekna som høgkontekst-kulturar:

  • På kva måte kan ein seie at dei i arabisk og japansk kultur bruker høgkontekst-kommunikasjon? Forklar.
  • Engelsk kultur ligg omtrent midt på skalaen til Hall. Kva kan grunnen vere til det?

Oppgåve 4

Vi kan ha ulike strategiar for korleis vi kommuniserer. Strategiane er til ein viss grad kulturbestemte.

  • Ta utgangspunkt i dei fire modellane og dramatiser fire ulike samtalar om hagearbeid (lineær, sløyfe, parallell og spiral).
  • Prøv å tenke ut situasjonar der du kunne ha vald dei ulike strategiane. Er det nokre av strategiane som du føler er meir framande enn andre?
  • Korleis vil du rangere dei fire strategiane på ein skala over kor stor betyding konteksten har?

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Æresdrap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff