Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Eit portrett betyr noko anna når du ser to personar på bildet, eller når du ser på kva som er i bakgrunnen. Kanskje er dei to kjærastar, eller venner? Kanskje jobbar dei der, eller kanskje dei skal på tur? Konteksten hjelper oss til å tolke biletet riktig.

To smilande tenåringsjenter bunde saman med eit skjerf. Foto.

Ordet kontekst kjem frå latin og betyr «samanveving», det å binde noko saman. Konteksten er det som er rundt teksten, det som opptrer saman med teksten, altså omgivnadene. Mange utsegner eller tekstar vil være uforståelege om ein ikke kjenner konteksten.

Konteksten kan endre seg

Slik er det også med tekstar og språklege handlingar. Omgivnadane er viktige for å forstå kva som blir formidla og korleis det skal tolkast. Konteksten kan også fort endre seg og forandre fokuset for kommunikasjonen. To som går og pratar ivrig saman på eit fortau, legg nesten ikkje merke til omgivnadane inntil dei møter ei sperring. Plutseleg blir sperringa ein relevant del av konteksten, samtalen kan til og med få eit anna fokus og ei ny utvikling.

I denne framstillinga har vi vore opptekne av at menneske er ulike og ber med seg sine særeigne referanserammer, eller kulturfilter som vi også kallar det. Den delen av konteksten som blir relevant, treng ikkje vere den same for dei to partane i ein kommunikasjon.

Læringsressursar

Kva er kontekst i ein kommunikasjonssituasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter