Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Ord har ulik tydingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ord har ulik tyding

Alle som lærer seg eit nytt språk, vil erfare at det ikkje er nok med eit stort ordforråd og korrekt grammatikk. Når du skal bruke orda du har lært, vil du støyte på langt fleire utfordringar.

Ordet «tre». Illustrasjon.

Å kunne eit språk godt handlar nemleg også om det å velje rett ord til situasjonen. Kva skjer når du bruker eit ord som mottakaren oppfattar fornærmande? Kva gjer du når eitt ord kan ha fleire ulike tydingar?

Eitt ord – fleire tydingar

Ein utanlandsk elev som nyleg hadde kome til Noreg, hadde nettopp lært å telje på norsk. Ho blei litt forvirra då hun plutseleg fekk høyre at ho skulle «3 i ei nål» og «3 inn på scenen» eller at det stod «eit 3» oppe i bakken. Vi har mange slike mangetydige ord på norsk: «tre» kan bety talet «3», «å tre i ei nål», «eit tre», «ei trefjøl», «å tre inn på teppet», og så bortover. Det kan ta litt tid før ein lærer alle variantane.

Det er ikkje berre på norsk det er slik. På engelsk kan ordet fire bety «eld», «tenne», «skyte», eller «gi sparken».

Kjenner du andre ord som kan ha fleire tydingar?

På grunn av slike tvitydige ord, eller mangetydige ord, er det ikkje mogleg å omsetje direkte ord for ord frå eit språk til eit anna. Tvitydige ord skaper også problem ved språklæring. Det finst ikkje noko ein-til-ein-forhold når det gjeld å uttrykkje omgrep på ulike språk.

Ein norsk språklærar må bruke ekstra tid på å lære nordmenn forskjellen på «to lend» og «to borrow», fordi vi bruker ordet «låne» i begge situasjonane. På same måte må ein engelskmann som lærer norsk, bruke ekstra tid på å lære seg ein regel for når ho skal seie «ja», og når ho skal seie «jo», fordi ein på engelsk berre har eitt ord der vi bruker to.

Ulike konnotasjonar til ord

Sjølv om eit ord kan ha same leksikale tyding, kan det finnast ulike kulturbestemte assosiasjonar til dei (konnotasjonar). Eit døme på det er ordet "gris". Ein nordmann i Afrika kom til å seie at ein kollega «åt som ein gris». Ytringa vekte stort oppstyr. For det første kjendest det djupt sårande å samanlikne menneske med dyr, for det andre hadde «gris» i denne folkegruppa konnotasjonen «ureint dyr».

Ei liknande historie er knytt til ugla. Eit utanlandsk forlag som skulle marknadsføre faglitteratur i India, ville bruke ugla som symbol for visdom. Dessverre viste det seg at ugla hadde konnotasjonen «uheldig» i denne kulturen, og det må ein seie forlaget at var.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff