Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Utforsk verbal kommunikasjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Utforsk verbal kommunikasjon

Oppgåve 1

Kva er vanskeleg når du skal lære deg norsk som andrespråk? Undersøk kva slags problem nykommarar har når dei skal lære norsk.

Drøfting: Kva slags utfordringar står ein nybegynnar overfor når han eller ho skal lære eit nytt språk, til dømes norsk? Tips: Gå gjennom underpunkta i denne delen om språklæring:

  • Ord har ulik tyding.
  • Lydane kan skape vanskar.
  • Ulikt tonelag kan gi ulike tydingar.
  • Ulik setningsbygnad.
  • Grammatikken er forskjellig.
  • Dialektar, sjargong, slang og lokalkunnskap.

Finn konkrete døme på kva slags problem kvart av desse punkta skaper for nybegynnaren.

Metode: Observasjon av språkundervisning for framande.
Intervju med dei involverte: lærarar og elevar.

Oppgåve 2

Kva slags ungdomsspråk er vanleg hos dykk? Du/de skal kartleggje vanleg ungdomsspråk i dei ungdomsgjengane de kjenner. Finn døme på ord og uttrykk som er vanlege blant ungdommen, men ikkje vanlege blant vaksne, der de bur. Lag gjerne eigne ordlister.

Drøfting:

  • Kva for uttrykk er særeigne for gruppa di?
  • Kvar kjem desse orda frå (engelsk, svensk, andre språk)?
  • Blir nokre av uttrykka brukte som er nemnde i denne delen som "kebab-norsk", "asfalt-norsk" eller "salsa-norsk" blant dykk på skulen? Kvifor blir slike ord og uttrykk brukte?
  • Kva vil du kalle desse uttrykka?
  • Er det sjargong, slang eller lokal dialekt?
  • Kva er forskjellen?

Metode: Observasjon og intervju.

Oppgåve 3

Morsmål og andre mål: Undersøk korleis morsmålet påverkar måten vi lærer andre språk på. Finn døme på korleis norske uttrykk og språkvanar påverkar språklæringa.

Drøfting:

  • Kva kan ulik bruk av «ja» og «nei» føre til?
  • Finn døme på norvagismar, interferens, og språkleg uttrykksmåte: lineær-, sløyfe-, parallell-, og spiralmodell når du skal lære eit nytt språk.

Metode: Lesing, observasjon og intervju.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff