Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. ParalingvistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Paralingvistikk

Kommunikasjon er mykje meir enn orda du seier. Måten noko blir sagt på, har minst like stor betydning. Alt dette som kjem i tillegg til orda, kan vi kalle for paralingvistikk. "Para" kjem frå gresk og betyr "ved sida av" eller "i tillegg".

Jack Nicholson i rollen som Jack Torrence i Stanley Kubricks filmatisering av romanen The Shining (1980). Foto.
"Here`s Johnny!" Jack Nicholson i rollen som Jack Torrence i Stanley Kubricks filmatisering av romanen The Shining (1980) er en av de skumleste filmscenene gjennom tidene. Hvorfor?

Paralingvistiske faktorar

Måten vi seier noko på på har stor betyding. Det er mange nyansar i korleis du kan bruke stemma. Til dømes vil både tonefallet og volumet vere med på å formidle det som skal seiast. Dette kallar vi for paralingvistiske faktorar.

Enkelte forskarar hevdar at desse såkalla paralingvistiske faktorane (av gresk para som betyr "ved sida av", "i tillegg") er endå viktigare for danninga av mellommenneskelege haldninger enn sjølve det verbale innhaldet i ein samtale. Korleis ting blir sagde, er ofte det som blir sagt!

Glade ungdommer ser på mobiltelefonene sine. Foto.

Tonehøgd, tonemønster, lydstyrke, lydlengd, rytme og bruk av pausar kan vere viktige teikn som blir brukte for å få fram nyansar i språket. Like eins måten å uttrykkje seg på: å tale leande, gråtande, bydande, rørd og liknande.

Til paralingvistikken høyrer også medviten bruk av stemma som til dømes å tale kviskrande, andpusten, slørete, med sprukken stemme, djup røyst og så bortover.

Paralingvistiske variasjonar

Det finst paralingvistiske variasjonar mellom ulike språkgrupper eller (sub)kulturar. Folk i Thailand oppfattar høg stemme som eit uttrykk for sinne. Skal ein vise ei danna haldning, bør ein tale mjukt og varsamt. Italienarane er kjende for å ha eit klangfullt språk, mens spansktalande grupper har eit breitt og svært uttrykksfullt register. Mange synest derimot at amerikanarar frå Midtvesten har eit monotont språk.

Togn som kommunikasjonsmiddel

Til paralingvistikken kan vi også rekne bruken av pausar, som vi allereie har nemnt. I mange land er det til dømes upassande å snakke saman under eit måltid. Mens togn blir brukt lite som kommunikasjonsmiddel i Noreg, speler ho ei viktig rolle i austlege land. Ein vietnamesar uttrykte seg slik: «I landet vårt er togn noko svært vakkert. Vi bruker henne for å vise respekt, semje eller usemje, og vi kan få fram forskjellen mellom desse tre haldningane.»

Tigger med plakat. Foto.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff