Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Språkleg uttrykksmåteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkleg uttrykksmåte

I daglegtalen kan vi seie at nokon snakkar eller skriv "direkte" eller "innvikla". Kanskje vi til og med kallar nokon for "tåkefyrstar" fordi dei utrykkjer seg lite konkret. Vi har alle litt ulike strategiar når vi skal kommunisere.

Kiosk. Foto.

Måten vi tenkjer på og måten vi uttrykkjer oss på, heng nøye saman. Sjølv om uttrykksformer kan vere individuelle, kan vi sjå at nokre kommunikasjonsstrategiar er kulturbestemte. Her skal vi presentere fire modellar som vi kan kalle lineær-, sløyfe-, parallell- og spiralmodell.

Lineær modell

I ein lineær modell uttrykkjer vi ting mest mogeleg «rett på sak», det vil seie direkte, klart og konsist, utan snikksnakk. I heim og skule i vårt eige land er denne modellen mykje brukt. Vi blir opplærde til å seie tinga som dei er – og til å «kalle ein spade for ein spade».

Mann sier ordet spade direkte til en dame. Illustrasjon.
I ein lineær uttrykksmåte går vi rett på sak.

På skulen blir vi oppfordra til å bruke ein sakleg, logisk og stringent uttrykksmåte. I skriftlege oppgåver blir vi opplærde til å halde oss til «fakta» og bruke korte og konsise setningar. Når vi skal uttrykkje oss om ei sak, siktar vi rett på målet og trekkjer berre inn moment som underbyggjer det vi vil fram til. Vi kan trekkje linjer til retorikken og logos. Vi byggjer gjerne opp ei logisk, lineær tankerekkje. Det er framfor alt intellektet vi vender oss til. Denne uttrykksmåten kan illustrerast med ei pil rett på sak.

Sløyfemodell

I ein sløyfemodell er det som regel slik at det ikkje er det ein seier som tel mest, men måten det blir sagt på og omstenda omkring samtalen eller kommunikasjonen.

Mann snakker. Ordene går i en sløyfe til mottakeren. Illustrasjon.
I sløyfemodellen kommuniserer ein med meir enn berre orda.

I den arabiske verda verdset ein poetiske og grasiøse ordstillingar. I retorikken vil vi seie at denne uttrykksmåten er patosfylt. Ei vanleg morgonhelsing består av utveksling av høflege frasar, der den eine overgår den andre, i ein serie som kan forlengjast etter omstenda og innbyrdes forhold. Det er ein måte å vise respekt for kvarandre på:

– Sabah al-kheir «godviljens morgon»
– Sabah an-nur «lysets morgon»
– Sabah al-ful «jasminane sin morgon»
– Sabah al-ishta «den tjukke fløytens morgon»

Ein slik helsemåte der ein også spør om natta og søvnen, om familien og helsa, er vanleg i mange afrikanske grupper. Bruk av gode metaforar (bilete-uttrykk) medverkar til finstemt poesi, harmoni og respekt.

«Tjukk fløyte» som i dømet ovanfor, har svært positive konnotasjonar i arabiske land: «Huda hennar er mjølkekvit og hennar kropps-konsistens er som tjukk fløyte» er ein rosande omtale av ei vakker kvinne.

Arabisk talemåte blir ofte prega av små sprang. Talaren innleier samtalen med heilt perifere ting, kjem forsiktig inn på temaet, og forlèt det igjen. Deretter kan talaren gjennom ord som understrekar meir personlege relasjonar, til dømes vennskap, vende tilbake til temaet igjen, berre for å forlate det etter nokre korte rundar. Slik kan ein nærme seg målet for samtalen, bit for bit, avbrote av sløyfer utan tilknyting til temaet.

Det er ikkje berre arabarar eller andre semittar som uttrykkjer seg på denne måten. Også latinamerikanarar er kjende for å bruke sløyfemodellen.

Personlege forhold betyr svært mykje for gangen i samtalen – ein samtale som ofte tek mange krumspring etter vår målestokk. Eit enkelt «ja» er ofte ikkje heilt enkelt å tolke. Eit «ja» kan like gjerne bety «kanskje», eit «nei» blir gjerne omskrive med «kanskje», eller «om Gud så vil».

Parallellmodell

I semittiske språk (arabisk, jødisk) byggjer ein ofte på ein kompleks serie av parallelle konstruksjonar etter ein parallellmodell.

Dame snakker. Ordet spade gjentas sammen med andre symboler i hver linje. Illustrasjon.
I parallellmodellen gjer gjentakingar at innhaldet er lettare å hugse.

Denne måten å byggje opp ein tekst på eignar seg godt i munnlege kulturar. Gjentaking gjer det lettare å hugse det som blir sagt. Konstruksjonen blir også brukt i poesi og i eventyr. Som i spiralmodellen kan uttrykksforma vere prega av patos.

Gammaltestamentlege salmar som opphavleg er skrivne på hebraisk, eit semittisk språk, nyttar seg ofte av denne konstruksjonen:

Jorda og det som fyller henne,
Verda og dei som bur der,
Alt høyrer Herren til.
For han har grunnlagt henne på hav,
Grunnfest henne på strøymande vatn.
Kven kan stige opp til Herrens fjell,
Kven får stå på hans heilage stad?
(Salme 24.1-3)

Spiralmodell

Spiralmodellen illustrerer ein samtale som sirklar rundt og rundt. I motsetning til den lineære modellen går han ikkje rett på sak, men gir berre ein peikepinn om temaet i omskrivande vendingar. Kjernen i saka blir ikkje nemnt direkte, men han blir sirkla inn meir og meir, slik at samtalepartnarane skal skjøne kva det er tale om.

Kunsten er å snakke om ei sak utan å nemne henne. Det er vanleg å bruke metaforar og allegoriar (omskriving med bilete).

Mann snakker. Ordene går i en spiral ut fra munnen hans. Illustrasjon.
I spiralmodellen snirklar ein seg inn mot saka, gjerne gjennom hint.

To menneske som er vande med denne kommunikasjonsforma, vil oftast forstå kvarandre, mens ein utlending som er mest vand til ein meir direkte kommunikasjon, kan ha problem med å forstå kva saka eigentleg gjeld. Vi seier dei går «som katten rundt grauten». Nordmenn kan bli nokså frustrerte når vietnamesaren snakkar rundt og rundt «grauten». «Kan du ikkje komme til saka?» vil vi tenkje.

I japansk konversasjon blir setningane ofte ikkje fullførde, slik at tilhøyraren sjølv kan fullføre dei. Det gjeld å skape ei felles sone av harmoni, slik at ingen av dei taper ansikt, også når vanskelege ting skal diskuterast. Innbyrdes sosiale forhold er ein del av samtalekulturen.

Vi ser gjerne forskjellen på uttrykksformer når noko skal omsetjast til eit anna språk:

På ei dør på flyktningkontoret på Hamar stod det eit skilt med orda «Adgang forbudt». Sidan vietnamesarane ikkje forstod den norske teksten, blei dei bedne om å omsetje teksten til vietnamesisk. Det blei litt fleire ord: «Ver så vennleg å vende deg til skranken ved sida av og sei kva du ønskjer.» Den norske direkte uttrykksmåten kjentest uforskamma og brutal.

Dette handlar om kultur, ikkje berre språk. I USA kan du sjå skilt med: «No dogs allowed». I Storbritannia vil det meir sannsynleg stå: «We regret that in the interest of hygiene dogs are not allowed on these premises». For å uttrykkje usemje vil ein brite ofte seie noko slikt som dette: «I may be wrong, but …», «There is just one thing in all what you have been saying that worries me a little …». Det er sjeldan ein høyrer ein nordamerikanar uttrykkje seg på ein slik måte. Eg har ei kjensle av at nordmenn flest her liknar meir på amerikanarane.

Ulike former for omskriving

I dei fleste samfunn blir førespurnader uttrykt i meir sirkulære vendingar. Det gjeld også avslag. Ein ønskjer ikkje at den andre skal oppleve at ein er avvisande eller uhøfleg.

Også i Noreg kan ein bruke meir omskrivande vendingar. Ein nabo som vil låne ein reiskap, spør ikkje rett ut «Kan eg ta stigen i dag», men heller slik: «Korleis er det, du skal vel ikkje bruke stigen i dag? Om du ikkje skal bruke han, kan eg kanskje få låne han?»

Men det finst subtile uskrivne reglar som kan føre til forvirring. Ein nordmann som får ein invitasjon til eit besøk som ikkje kan følgjast opp, svarer gjerne: «Takk, men det passar dessverre ikkje.» Den som inviterer, veit då at ho ikkje skal spørje meir; ho har ingen rett til å vite kvifor det ikkje passar.

Ein pakistanar som får ein invitasjon som ikkje kan følgjast opp, vil heller uttrykkje seg slik: «Takk skal du ha, kanskje eg prøver.» Ein annan pakistanar vil forstå at dette er eit avslag, for uvissa er uttrykt i to ord, «kanskje» og «prøver», og begge indikerer at den inviterte ikkje kjem. Men det ville vere uhøfleg å seie «nei» eller «ikkje» rett ut. Ein nordmann ville ved eit slikt svar sannsynlegvis tru at pakistanaren aksepterte invitasjonen.

Kven bruker dei ulike modellane?

Det er slett ikkje er slik at folk i Vesten berre bruker ein lineær modell, arabarane ein sløyfemodell, mens asiatane bruker ein spiralmodell. Dei ulike uttrykksformene blir brukte i dei fleste kulturgruppene alt etter situasjon, forventa høfleg framferd og formål med samtalen. Men tendensane til val av uttrykksmåte kan vere avhengige av (sub)kulturelle vilkår.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff