Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språklege overføringar

Førstespråket vårt er så innarbeidd at vi ofte overfører språkreglane derifrå når vi snakkar eit framandspråk. Nokre gongar blir det berre komisk, andre gongar kan det gi større konsekvensar.

UFF-konteinar for innsamling av klede. Foto.
Uff då! Når forkortinga blir ufrivillig komisk. UFF \

Vi tek med oss medvitne og umedvitne språkvanar frå morsmålet til andre språk. Vi kan til dømes ta feil av ord som liknar. Når nokre nordmenn brukar uttrykket "actual" på engelsk når dei eigentleg meiner «aktuell», så kallar vi det ein norvagisme – ein norsk uttrykksmåte.

I moderne forretningsliv, og i mange andre samanhengar, har engelsk blitt det mest utbreidde hjelpemiddelet for kommunikasjon. Mange synest å gå ut frå at berre dei har godt nok herredøme over engelsk med omsyn til vokabular, enkel grammatikk og uttale, så vil menneske med ulik kulturbakgrunn kunne forstå kvarandre. Ein gløymer ofte at dei som kommuniserer, tek med seg sine medvitne og umedvitne språkvanar frå morsmålet til engelsk – eller for den saks skuld – til kva som helst anna nytt språk.

Bruk av ja og nei

Forretningsfolk som har forhandla om avtalar med samarbeidspartnarar frå Japan, har opplevd at det dei trudde var ein avtale som var bekrefta med eit «ja», ikkje er blitt gjennomført. Mange av skuldingane om uærlegdom og lureri kjem av at dei norske ikkje har forstått at «ja» blir brukt på ein annan måte enn på norsk i Japan.

Det er viktig å vere merksam på kva som ligg bak slike hendingar. I Japan ville eit tvert «nei» opplevast som direkte uhøfleg. Det kunne ha ført til at motparten ville «tape ansikt» mens underordna medarbeidarar var til stades. For dei er det viktig å ta vare på eit harmonisk forhold mellom deltakarane i samtalen.

I staden uttrykkjer dei seg gjerne i meir omskrivande vendingar som til dømes: «Vi skal undersøkje saka ...» Mange har erfaring med at «maybe» særs ofte betyr «nei». Japanarane, og mange andre innan orientalske kultursamanhengar, prøver å unngå eit brutalt og direkte nei. Slik er det på deira morsmål, og slik er det når dei begynner å snakke eit anna språk, slik som til dømes engelsk eller norsk.

Norvagismar

Det er viktig å vere klar over måten andre menneske uttrykkjer seg på. Samtidig bør vi sjølve vere medvitne om at vi også har våre norvagismar – norske uttrykksmåtar som andre menneske kan ha vanskeleg for å oppfatte. At dei engelske uttrykka actual og eventually ikkje betyr «aktuell», og «eventuelt», men «eigentleg», og «til slutt», gir opphav til vanlege norvagismar i engelsk.

Like ord kan ha ulik betyding

«Søskenbarn» betyr på norsk fetrar og kusiner, men på svensk er det eigne søsken sine barn, altså nevøar og nieser. Ein svenske som inviterer ein nordmann og får avslaget «Eg har ikkje anledning til å komme,» vil føle seg støytt, for «anledning» betyr «grunn» på svensk.

Når nordmennene skal ha eit vorspiel før dei skal på fest, blir tyskarane litt betenkte, for på tysk blir ordet brukt berre om erotisk forspel. Det kan skape nokre pinlege situasjonar.

Ein spanjol som har lært norsk, kan godt seie «God natt!» klokka 18.00. Årsaka er at Buenas noches! både betyr «God kveld!» og «God natt!» på spansk.

Interferens

Dette at språkvanane i morsmålet blir overførde til det nye språket, kallast ofte interferens (innblanding). Ein slik interferens kan oppstå både i vokabular (val av ord), i fonetikk/fonologi (uttale), i morfologi (språkform), i semantikk (tydingssystem), syntaks (setningsbygnad) og ikkje minst i pragmatikk (den praktiske bruken av språket).

Eit døme på tysk interferens i norsk er følgjande episode der tyskaren gir nordmannen ei bok:
Tyskaren: – Vær så god!
Nordmannen: – Takk!
Tyskaren: – Vær så god!

For nordmannen er det merkeleg at tyskaren tek oppatt «Vær så god!» Ein nordmann ville berre ha teke imot boka og tagd stille. Tyskaren på si side tenkjer vanleg høfleg framferd på tysk: Bitte! som han tek oppatt. Ei tysk kvinne som er gift med ein nordmann, fortel at mannen misforstod uttrykket «No blir eg irritert!» På tysk betyr «irritert» noko slikt som «forvirra».

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff