Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Overføring av språkvanar frå førstespråket ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Overføring av språkvanar frå førstespråket

Er ja alltid et ja, og kan du svare nei når ein lærar seier "kan du leggje bort mobiltelefonen?" Du kjenner nok svaret på kva som er rett i den kulturen du har vakse opp i. I andre kulturar kan det vere andre svar.

To søstre smiler til hverandre. Foto.

Tankegang og sosiale skikkar blir reflekterte i språket. På kinesisk er til dømes familienemningane langt viktigare og meir talrike enn hos oss. I staden for å seie: «Ho er søstera mi», vil ein mandarintalande kinesar seie: «Ho er mi yngre søster» mei-mei eller: «Ho er mi eldre søster» chie-chie.

Det er viktig å få fram innbyrdes alder. «Han» og «ho» blir uttalt heilt likt: «ta», men blir skrive med forskjellige teikn. For ein mandarintalande kinesar kan det vere vanskeleg å uttrykkje seg på eit anna språk som ikkje bruker dei nyansane ho sjølv er vand med.

Når to personar som har forskjellige morsmål, kommuniserer på eit felles språk slik som engelsk eller norsk, skjer det ofte at ord og uttrykk blir brukte slik som vedkommande ville gjort det på sitt eige morsmål. Utan at partane er klare over det, kan dette lett føre til misforståingar. Vi skal som døme sjå på ulik bruk av småorda «ja» og «nei» og drøfte kva konsekvensar det kan ha for kommunikasjonen.

Ulik bruk av «ja» og «nei»

På norsk bruker vi «ja» til å bekrefte at vi er einige, mens vi bruker "nei" til å avkrefte eller vise at vi er ueinige. Spørsmålet: «Vil du ikkje ha meir kaffi?» blir på norsk ofte møtt med: «Nei, eg skal ikkje ha meir.» Ein asiat eller en afrikanar vil heller seie: «Ja, eg skal ikkje ha meir.»

Nokre språk har ikkje desse orda i det heile tatt. Til dømes bruker thai nektingsadverbet i staden: "Eg skal ikkje ha meir kaffi". Dette handlar om dei grammatiske reglane for språka.

Det ligg også nokre kulturelle normer for korleis «ja» og «nei» skal brukast. Vi skal sjå på eit døme:

I ei norsk produksjonsbedrift hadde dei tilsett nokre filippinarar på ein verkstad. Filippinarane skulle overvake produksjonen på nokre monitorar og passe eit apparat der dei måtte vri på nokre hendlar for å sikre jamn prosess. Den norske instruktøren forklarte korleis apparatet skulle brukast på engelsk, som var felles kommunikasjonsspråk. Følgjande samtale utspelte seg:

Instruktøren: – Do you understand?
Filippinaren: – Yes, Sir!

Men når prosessen var i gang, viste det seg at filippinaren skrudde hendlane hit og dit utan å ha forstått kva som skulle gjerast.

Ein nærmare analyse av situasjonen viste at filippinaren ikkje ville seie «Nei, eg forstår ikkje» fordi det ville vere det same som å seie: «Du er ein dårleg instruktør.» Å seie noko slikt ville vere direkte uhøfleg. Instruktøren ville «mista ansikt» framfor arbeidarane, og det kunne vere alvorleg brot på omgangsformene, slik filippinaren tenkte.

Ut frå desse døma ser vi at «ja» kan bety forskjellige ting:

  • OK.
  • Det er greitt.
  • Eg høyrer kva du seier (men eg har ei anna meining).
  • Eg forstår (men treng ikkje vere einig).
  • Eg seier «ja» for å bevare ansiktet ditt.
  • Eit høfleg «ja» for å vise respekt (eg trur det er det du ønskjer å høyre).
  • Eg seier «ja» for å stadfeste det negative innhaldet i det du seier.

Desse døma viser at ulike uttrykksformer kan fungere bra i ein spesiell kulturell kontekst. Det er sjeldan vi misforstår «ja» og «nei» i ein norsk samanheng. Men når vi kommuniserer på tvers av ulike kulturar, kan det oppstå uventa problem fordi ingen av partane er merksame på at den andre bruker orda på ein annan måte enn det han eller ho opplever som naturleg.

Spørsmål eller ordre?

I Noreg blir ein beskjed eller ein ordre ofte formidla i form av eit spørsmål. Det er ein måte å vere høfleg på, vi er ikkje så glade i å gi ordre. Men kva skjer når spørsmålet blir tolka bokstavleg? Her er to døme som førte til stor irritasjon:

N(ordmann): – Kan du gjere dette i dag?
A(siat): – Ja
Ingenting blir gjort, og nordmannen blei irritert.

I dette første dømet svarer asiaten «ja». Med det bekreftar han at han kan gjere dette i dag, men han kan også gjere det i morgon eller om ei veke. I alle fall har han svart det han trur nordmannen ønskjer å høyre. Han har vore positiv. Nordmannen meiner sjølv at han har bedt asiaten om å gjere dette, men ingenting blir gjort, fordi asiaten oppfatta ikkje spørsmålet som ein ordre.

N: – Kan du ikkje gjere dette i dag?
A: – Ja
Ingenting blir gjort, og nordmannen blei irritert.

I dette andre dømet bekreftar asiaten det negative innhaldet i spørsmålet til nordmannen: Han kan IKKJE gjere dette i dag. Nordmannen, på si side, meinte med sitt «ikkje» ei mild oppmoding: «Kan du ikkje vere så snill å gjere dette i dag?» Det oppfatta ikkje asiaten, som tenkte ut frå sine eigne heimlege språkvanar.

Sjølv om ein utlending har lært norsk eller engelsk, vil han ofte tenkje og snakke ut frå det han er vand med i heimekulturen sin. Utan å tenkje over det vil han bruke «ja» og «nei» slik som han gjer på sitt eige språk.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff