Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Språket i brukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språket i bruk

Er det greitt å bruke ordet nigger? Kva forventar andre at du skal seie når du har ete ferdig? Kva reaksjonar får du om du bannar? Dette finn du ikkje svar på i ei regelbok. Det ligg som normer i kulturen. Kva som er akseptabelt avheng av situasjonen.

Lapp med informasjon til kundene i et bakeri: Vi har ikke WI-FI, snakk med hverandre. Foto.
Vi har ulike oppfatningar av kva som er greitt å seie og gjere.

Konteksten påvirker tolkninga

Læren om korleis samanhengen påverker vår tolkning av ei ytring, kallar vi pragmatikk. Den tek for seg korleis vi bruker språket til å skape meining i samspel med omgivnader eller kultur. Språket vil vere farga av den bestemte kulturelle og sosiale konteksten det blir brukt i.

Det finst ei rekkje uskrivne reglar for språkåtferd bestemt av sosiokulturelle og psykologiske normer i gruppa. Det går også føre seg ein konstant diskurs (offentleg samtale) om kva som er akseptabelt og kva som ikkje er det. Ord og setningar er alltid i kontekst og knytte til personlegdom, rolle, alder og sosial status. Vi kan her berre ta med nokre døme.

Bruk av høfleg tale

Høfleg tale kjem til uttrykk gjennom ulike ord og ulik setningsbygnad på alle språk. I norsk kan vi bruke ulike utsegner etter situasjonen og kven vi snakkar med.

Døme

  1. Vil du vere så snill å sende meg saltet.
  2. Kan du sende meg saltet, er du snill?
  3. Ver snill og send meg saltet.
  4. Kunne du sende meg saltet?
  5. Eg vil gjerne ha litt salt.
  6. Send meg saltet, er du snill.
  7. Kan du ikkje sende meg saltet?
  8. Eg vil ha saltet.
  9. Eg trur du har gløymt å salte potetene i dag.
  10. Gi meg saltet.
  11. Saltet!
  12. Er det berre du som skal ha salt ved dette bordet?[1]

I dømet er utsegnene rangerte med den høflegaste forma øvst. Endå ein uhøfleg måte å be om saltet på er å peike på saltet utan å seie noko, altså ikkje-verbal kommunikasjon. Uttrykksmåten vel ein etter situasjon, samtalepartnar og eigen personlegdom. Utsegnene varierer, men funksjonen er den same, nemleg å be om saltet. For å kjenne koden og velje det riktige uttrykket, må ein ha levd i den kulturelle konteksten.

Diskuter med ein medelev: I kva situasjonar kunne de ha brukt utsegnene i dømet over?

Høfleg tiltale

Fleire språk skil mellom «du» og høfleg tiltale «De», slik som vi gjorde i norsk for ein generasjon sidan. På tysk brukar dei "Du" og "Sie" , fransk "tu" og "vous", spansk "tu" og "usted". På engelsk tiltalar dei alle med fleirtalsforma "you", mens eintalsforma "Thou" berre er for Gud!

Bruk av fornamn

Det er no heilt vanleg i Noreg å bruke fornamn, mens det for eit par tiår sidan berre blei brukt i familiære samanhengar. For ein del innvandrarelevar kan det vere svært merkeleg å skulle bruke fornamn på læraren, når ein i heimlandet er opplærd til å bruke tittel og etternamn.

I kulturar der rang og status er viktig, er bruken av fornamn helst knytt til den nærmaste familien. Tiltaleord som uttrykkjer relasjonar, er ofte meir brukte enn hos oss. Kurdarar og mange afrikanske grupper brukar ord som «Ahmets far», «Husseins mor» eller «eldre bror», «mi syster» og liknande, sjølv om det ikkje eksisterer noko familieband. Herr, fru, direktør, professor, og andre titlar framfor etternamnet er vanleg tiltale.

Bruk av turskifte

I ein samtale er det ulike reglar for når og korleis ein skal ta ordet i ein samtale. Dette blir kalla turskifte. Hos oss opplever vi det som forstyrrande når nokon «snakkar i munnen» på oss.

I kulturar der dei ikkje følgjer denne regelen, oppfattar dei våre usynlege, men strenge reglar for turskifte som eit teikn på manglande engasjement, at vi ikkje har noko å seie, at vi ikkje har noko syn på saka, at vi ikkje er interesserte eller ikkje kan følgje med i resonnementet.

I slike kulturar blir det sett på som positivt at samtalepartnaren avbryt. Det viser at vedkommande er engasjert i saka – dessutan signaliserer han eller ho at den første har uttrykt seg så klårt at han er blitt forstått.

Når vi brukar språket, lærer vi å forstå og handle riktig ved indirekte talemåtar. Og vi lærer sjølv å utnytte desse talemåtane. Slik læring tek tid. Det merkar du når du ringjer ei venninne. Hennar fireårige son, Hans, tek telefonen.

– Hei, Hans! seier du.
– Er mamma inne?
– Ja, svarer Hans.


Men han ropar ikkje på mamma. Han ventar på neste utspel frå deg.

Liten gutt snakker i mobiltelefon. Foto.

Bruk av togn

Vi seier på norsk at «den som teier, samtykkjer». Vi trur at det er ein universell regel, men det er det ikkje. På Madagaskar er det slik at den som teier, ofte markerer usemje. Det er då viktig at leiaren eller ein eldre person ber vedkommande om å kome med meininga si. Dersom det ikkje skjer, vil den yngre vanlegvis heller teie enn seie noko som kan stille spørsmål ved autoriteten til den eldre.

Både japanarar og finnar er kjende for å bruke meir tid til tenkjepausar enn vi er vande med. Togn er for dei ikkje noko avskrekkande, men ein del av språkbruken.

Bruk av «takk»

Desse uttrykka blir i nordiske språk brukte på ein annan måte enn i dei fleste andre språk. I ei undersøking rapporterte chilenarar at dei ikkje hadde problem med «takk» i situasjonar der dei får noko. Derimot har dei vanskeleg for å tileigne seg mange av dei standardfrasene med takk som vi bruker: «Takk for i dag», «Takk for sist», «Takk for hjelpa», «Takk for lånet», «Takk for maten» og det merkelege uttrykket «Takk for meg!» Kva betyr det å takke for meg, det er jo verten og vertinna som skal takkast, og ikkje eg!

Låvevegg med takk til Ivar Aasen. Foto.

Bruk av humor

Du har kanskje opplevd at du fortel dei beste vitsane dine, og så er det ingen som ler. Dei andre forstår ikkje sjølve poenget. Når det gjeld humor, er det store kulturelle forskjellar.

Mange ordspel, vitsar og skrøner er så sterkt knytte opp mot ein bestemt kulturkrins at det er umogleg å uttrykkje dei på eit anna språk. Humor er ofte sterkt knytt til uoppfylte førehandsforventningar. Og slike varierer frå land til land og frå miljø til miljø.

Mens engelskmennene er kjende for sine understatements – kunsten å komme med vage hint – er amerikanarane kjende for sine overstatements, eller trongen til å overdrive.

Ei amerikansk vertinne som vil behandle gjestane sine vel, kan gjerne uttrykkje seg slik: «Et alt de kan, eg har brukt heile dagen på å lage dette, og det finst tonnevis av mat på kjøkkenet!» Ei japansk vertinne med same omsorg for sine gjester ville kanskje heller ha sagt: «Det finst ingenting å ete, men berre forsyn dykk!» I hennar kulturelle kode er det ein dyd å vere beskjeden.

Bruk av ironi

På kantineborda står følgjande skilt: «Mora di jobbar ikkje her!» Ein rask refleksjon gjer at vi skjønar kva kantinepersonalet har meint. Kvifor kan denne meldinga vere meir effektiv enn det kjedelege: «Rydd opp etter deg!»?

Ironi er å seie noko anna enn det vi meiner, ofte det motsette. Det blir brukt i mange kulturar, men det er ofte vanskeleg å omsetje slike utsegner. Ein nybegynnar vil tolke slike utsegner bokstaveleg utan å sjå det ironiske i utsegna.

  1. 1«Kommunikasjon i språkundervisningen». Gerd Manne Hazel Helleland. Fag og kultur. 1991.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff