Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Dialektar, slang og lokalkunnskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dialektar, slang og lokalkunnskap

Å lære norsk er ikkje så enkelt. For utlendingar kan dialektane skape stor forvirring. Det gjeld både uttale og ordval. Også uttrykksmåtar som "purk", "hooke" og "avor" kan vere vanskelege å forstå. Veit du kva orda tyder?

Gutter som håndhilser. Foto.

Tenk etter:

Kvifor treng nordmenn alle desse orda for å seie det same: «åssen», «kossen», «korleis», «kordan», «koss», «hvordan» og «hvorledes?»

Slang og sjargong

I alle språk finst det også sjargong. Det er uttrykk som blir brukte av ei mindre sosial gruppe (subkultur): språket i ein ungdomsgjeng, blant datafrikar (nerdar), i eit fengsel, på ein arbeidsplass, osb. Karakteristisk for slike uttrykk er at dei betyr noko anna enn det folk flest legg i uttrykka.

Når politiet blir kalla «purk», ei narkotikasprøyte «eit skot» og innbrot «eit brekk», så er dette omskrivingar som gir brukarane eit hemmeleg kodespråk. Når slike ord blir ålment kjende, er det forresten vanleg at det dukkar opp nye ord. Problemet for ein utlending er at desse orda oftast ikkje finst i noko ordbok.

Slang er bruk av spesielle ord innanfor ei gruppe menneske med same interesser, men desse orda er ikkje brukte av folk som står utanfor gruppa, sjølv om dei oftast forstår dei. Slangorda blir brukte av gruppa innanfor rammene av eit ordinært språk. Når ord som «kis», «kjei», «sneip», «kult» og «kjipt» blir brukte i norsk, er det bruk av slang. Formålet er å gi rasistiske, humoristiske, eller andre effektar til språkbruken. Mange slangord har kort levetid.

Påverknad frå engelsk

Mange slangord kjem frå engelsk (kul, party, nerd, in, happy, cash, crazy, happy, babe, bitch, ugly, boring, hip).

Dei mest brukte positive slangorda er «kult», «feitt», «spa», «rått», «supert», «stilig», mens dei mest brukte negative slangorda er «drit», «ræva», «kjipt», «jævlig», «stinkar». Finn fleire slangguttrykk her: www.slang.no.

Kebab og salsa

Skuleelevane i fleirkulturelle klassar på Oslo austkant plukkar fort opp ord frå andre språk. Særleg er ord frå språk som kurdisk, arabisk, persisk, urdu, punjabi, og språk som er i bruk på Balkan, vanlege. Fenomenet har blitt kalla kebab-norsk frå 1990-åra. Også spanske ord har fått innpass, og kallast ofte salsa-norsk.

Ordliste på kebab-norsk og nokre uttrykk på salsa-norsk[1]


avor (berbisk) stikke, dra
baosj (arabisk) politi (eigentleg sjef, hovud)
chica (spansk) jente
chico (spansk) gut
gerro (spansk) røyk
kibbe (Midtøsten) gøymestad
kæbe (berbisk) jente, (eigentleg hore)
lalle (urdu) stele
lø (arabisk, kurdisk) ikkje, nei
puta (spansk) jente (eigentleg hore)
spa (berbisk, kurdisk) pen, bra
wallah (arabisk, urdu) ved Gud! (sverjing)

Dialektar

Men det er ikkje berre skuleungdom som må orientere seg i ein språkbruk som er knytt til ei sosial gruppe. Ein nordmann som flytta inn i ei norsk bygd på Vestlandet, blei snart klar over at det var nødvendig med mykje lokalkunnskap for å forstå kva folk snakka om. Ein dag overhøyrde innflyttaren følgjande samtale mellom to naboar:

Karden er utruleg. Han set på nibbå. Dei har klaga på han fleire gonger, men det var gummien som gjorde det slik at dei begynte, så det hjelper ikkje om dei blir sure. Han bryr seg ikkje om dei i holen.

Det blei tydeleg for den nyinnflytta nordmannen kor vanskeleg det var å vere innflyttar i eit lokalmiljø når han ikkje kjenner namn på personar og stader, og ikkje kjenner til forholda mellom dei. At samtalen gjekk føre seg på dialekt, gjorde ikkje saka lettare. Med nokre tilleggsopplysningar blir historia litt klårare:

Karden (er namnet på ein ung mann) er utruleg. Han set (fiskegarnet) på nibbå (Nibbå er den eldste og beste fiskeplassen i distriktet). Dei (eigarane av Nibbå) har klaga på han fleire gonger, men det var gummien (Gummien var bestefar til Karden) som gjorde det (ordna med fiskerett) slik at dei (Kardens familie) begynte (å fiske der), så det hjelper ikkje om dei (eigarane av Nibbå) blir sure. Han (Karden) bryr seg ikkje om dei i holen (Holen er garden som eig Nibbå).

Opplysningane i parentes gjer at vi i det minste forstår kva samtalen dreier seg om, men ei djupare forståing krev meir inngåande kjennskap til lokalmiljøet. Det var vanskeleg nok for ein innflytta nordmann – vi kan berre tenkje oss kor vanskeleg det er for ein utlending å få tak i dei fortolkingsnøklane som trengst for å forstå daglegdagse samtalar på norsk.[2]

  1. 1«Kebabnorsk ordbok». Andreas E. Østby. Gyldendal. 2005.
  2. 2«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff