Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Grammatikken er forskjelligChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grammatikken er forskjellig

Mange forbind ordet "grammatikk" med pugging av reglar om bøying og komma. Det stemmer gjerne når du skal lære eit nytt språk. I førstespråket bruker du grammatikken utan å tenkje deg om.

Hugget i stein. Foto.

Med grammatikk meiner vi reglar for korleis språket skal byggjast opp. Utan eit slikt regelverk – om det er nedskrive eller ikkje – vil ikkje menneska kunne forstå kvarandre på ein eintydig måte. Alle språk har grammatikk, også dei som ikkje er nedskrivne.

Det er lett å tenkje at alle grammatikkar må vere utforma på den same måten som i våre europeiske språk. Men det er langt frå tilfellet. Vi har allereie sett at det finst ulike setningsmønster. I tillegg kan vi finne forskjellar i korleis vi bøyer ulike ordklasser.

Ulike bøyingsmønster

I nokre språk, slik som i tysk, blir substantiv bøygde i kjønn, tal og kasus. Kasusspråk har litt friare ordstilling enn i norsk. Det betyr at ord kan stå fleire stader i ei setning, for forma seier noko om kva funksjon det har i setninga. Ser vi på grammatikken til det nordsamiske språket, finn vi eit langt meir avansert kasus- og bøyingssystem enn både norsk og tysk. Kasusformene finst i norsk no nesten berre som ein fest frå norrønt i ståande uttrykk, i namn, og i enkelte dialektar – slik som «til fjells», «til sjøs», «Dale», «oppi dalom» og så vidare.

Ulik markering av kjønn

På engelsk skil ein vanlegvis ikkje mellom hankjønn og hokjønn i grammatikken. Det heiter "a girl", "a boy", "the girl", "the boy". Men ein bruker "she" om ei skute, så det har nok vore skilje mellom kjønna også der, slik som på fransk "la fille" (jenta) og "le garçon" (guten).

På norsk skil vi mellom følgjande uttrykk: «Han elska kona si» og «Han elska kona hans». På engelsk og fransk heiter det i begge tilfella "He loved his wife" og "Il aimait sa femme" (Han elska kona si/hans), men det er vel helst berre i grammatikken at det går ut på det same …

Kva er forskjellen i betydinga til desse to setningane: «Han elska kona si » og «Han elska kona hans?»

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff