Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulik setningsbygging

På førstespråket ditt plasserer du ledda i ei setning korrekt uten å tenkje deg om. Det kan vere langt vanskelegare på eit anna språk. Du må lære deg mønstra – korleis dette språket byggjer setningar.

En elev gir en bok til en annen elev. Foto.

I dei fleste språk blir setningar delte opp av verbal, subjekt og objekt, men kvar dei ulike ledda skal stå i setninga, vil variere.

I norsk er den vanlegaste leddstillinga subjekt, verbal og objekt (SVO). I setninga «Eg skal gi deg boka i morgon» kan vi kjenne igjen ledda: subjekt – verbal – indirekte objekt – direkte objekt – adverbial. Vi bruker hjelpeverbet «skal» ved sida av verbet «gi».

Språk har ulike setningsmønster

Dersom vi skal seie det same på gassisk, som er språket på Madagaskar, vil den naturlege uttrykksmåten vere slik: «Gjevast av meg, til deg i morgon boka.» Setninga er stokka om, verbal kjem først og subjektet til slutt. Dessutan er det brukt passivform av verbet der vi ville brukt aktiv. For å uttrykkje seg riktig må ein altså tenkje på ein annan måte.

Nedanfor ser vi vanlege måtar å setje subjekt (S), verbal (V), og objekt (O) etter kvarandre på i forskjellige språk.[1]

norsk, fransk, engelsk: «Eg et mat» (SVO)
japansk: «Eg mat et» (SOV)
arabisk: «Et eg mat» (VSO)
gassisk (Madagaskar): «Et mat eg» (VOS)
hixkaryana (Karibia): «Mat et eg» (OVS)

Om setningsoppbygning og andre språkproblem

I NRK-programmet Eides språksjov kan du lære om fleire raritetar i det norske språket. Sjå klippet frå 05.25-15.20 for å høyre kva skodespelar Irene Kikunda fortel Linda Eide og co om korleis det var å lære seg norsk - eit veldig annleis språk enn morsmålet hennar, swahili.

  1. 1«Tverrkulturell kommunikasjon». Fife, Agnes. Yrkeslitteratur. 2002.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff