Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lydane kan skape vanskar

Seier du kylling eller sjylling? Om du er ein av dei som har bytt ut kj-lyden med sj-lyden, kan du oppleve at nokon rettar på deg. Sjølv nordmenn kan slite med å uttale kj-ord slik vi forventar på norsk. Lydane i framande språk kan vere enda vanskelegare.

Lepper som former forskjellige språklyder. Illustrasjon.
Du lagar ulike språklydar blant anna ved å forme leppene. Prøv deg på dei engelske språklydane her.

Heilt frå barndommen lærer vi kva lydar som høyrer til morsmålet vårt. «Det heiter ikkje ‘bu’, men ‘by’», seier foreldra til barnet som skal lære nye ord. Nokre lydar er vanskelegare enn andre å lære, men stort sett bruker vi som vaksne like lydar i dei fleste ord.

Når vi skal lære eit framand språk, må vi kanskje lære å lage lydar som vi tidlegare har lært er feil, eller lydar vi aldri har uttala før. Ein nordmann må streve for å seie "un bon vin blanc" på fransk. Vi har ikkje dei same nasale lydane på norsk.

Vokalane er vanskelege

Engelsktalande, og mange andre utlendingar, har ofte vanskar med norsk ø, u, o, y og å. Det er ikkje uvanleg å høyre innvandrarar seie «Skal do gå på tor?» eller «Skal do kjope brod?»

Vokalane er spesielt vanskelege, fordi det er små forskjellar i til dømes korleis vi formar lydane. Du kan sjølv kjenne etter kva som skjer med leppene og tunga når du uttalar dei ulike norske vokalane etter kvarandre. Når så vokalar i andre språk igjen skil seg ørlite i lepperunding og tungeplassering, skjønar du kanskje at det er vanskeleg å treffe akkurat rett. Det finst likevel nokre triks. Ein amerikanar som lærte norsk, fann ut at han måtte lage trutmunn for å få til y-lyden.

Ein svenske vil vanlegvis kunne identifisere svensktalande nordmenn i Sverige på u-lyden. Det er også slik motsett veg. Vi kjenner igjen svenskane på a-lyden, sjølv om dei snakkar norsk.

Korte og lange vokalar

Utlendingar har ofte vanskeleg for å skilje korte og lange vokalar i norsk: «Eg koste meg», «Skal du koste golvet?»; «Eg håpar», «Eg hoppar.» Det handlar blant anna om at nokre språk ikkje har dette skiljet i vokalane.

Samanhengen gjer at vi forstår

Som oftast vil vi forstå ut frå samanhengen kva for ord personen vil seie, sjølv om vokalen blir feil, men det kan skape både forvirring og litt humor når ein utlending kjem inn på ein bar og ber om «eit glas ål». Som regel vil bartenderen gi han det han skal ha.

Andre lydproblem

Konsonantane kan også skape problem for ein utlending. Igjen handlar det om korleis dei er vande med å bruke tunga og leppene til å lage lydar i førstespråket sitt.

Ein japanar kan vanlegvis ikkje få til å seie l og v. I staden for l seier han oftast r; i staden for v blir det b. Når han på engelsk skal seie "I love you", blir det derfor oftast "I rob you". Spansktalande høyrer ikkje forskjell på v og b, og når dei skal snakke norsk, kan dei seie «Binden kjem frå best».

I tillegg til dette kan enkelte lydar eller ord gi heilt andre assosiasjonar på eit anna språk. Ein spanjol som lærde norsk, blei aldri fortruleg med at nordmenn åt kake når dei skulle kose seg. I øyro hans betydde «kake» rett og slett «drit». Ein engelskmann synest det var merkeleg at nordmennene på arbeidsplassen, etter ei lang arbeidsveke, sa "Go Hell!" til kvarandre.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff