Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Å lære seg nye språkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å lære seg nye språk

Å lære eit nytt språk er ikkje gjort over natta. Ein ting er å lære seg morsmålet, eller det som ofte kallast førstespråk, det skjer nesten av seg sjølv. Men det er ei anna sak å lære seg eit heilt nytt språk – framandspråk eller andrespråk.

Mor og dotter handlar. Foto.

Lettare å lære språk som er i slekt

For språklæringa kan det også vere viktig om språka er i slekt, slik som indo-europeiske språk (norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk, hindi, urdu, osb.), eller om ein skal lære språk som høyrer til heilt andre språkfamiliar, til dømes finsk-ugriske språk (finsk, ungarsk), austronesiske språk (madagassisk, malayisk, indonesisk, filippinsk, maori), eller andre.

Det er vanlegvis lettare å lære eit språk frå same språkfamilie enn eit som ikkje er i slekt. På den andre sida kan læring av andrespråk som er konstruert heilt annleis enn det ein har som førstespråk, gi ny innsikt både i ein annan struktur – grammatikk, vokabular og andre måtar å uttrykkje seg på enn det ein er van med i sitt førstespråk.

Formell og uformell språklæring

Ein kan lære språk på to måtar: formelt og uformelt. Formelt skjer det ved å få undervisning, til dømes ved å følgje eit kurs, uformelt skjer det ved at ein lever saman med folk som har språket som morsmål. Desse måtane kan ofte kombinerast. Ofte går språklæringa via eit mellomspråk som berre er ein etappe på vegen.

Du har eit morsmål (norsk), og du skal lære deg eit målspråk (til dømes spansk). På vegen mot å lære deg spansk skikkeleg, utviklar du eit mellomspråk. Dette mellomspråket vil innehalde ein del feil, du bøyer kanskje spanske verb feil, du gløymer å personbøye eller du hugsar ikkje riktig ord for riktig ting.

Hiv deg utpå!

Det er komplett umogleg å lære seg eit nytt språk utan å gjere feil (med mindre du er eit ekstremt språkgeni). Dette handlar om learning by doing, du må altså lære av dine eigne feil. Heldigvis er det ikkje farleg å gjere feil, og det er ein naturleg del av det å lære eit nytt språk.

Å møte eit framandt språk er som å møte ein vegg. Alt er uforståeleg. Men så lærer vi nokre få ord. Vi lærer å helse, seie takk og farvel. Tala er også lette å lære. Og dermed har vi laga dei første hola i språkmuren. Vi byrjar å forstå. Litt etter litt kan vi utvide holet i muren – vi kommuniserer.

Dersom vi skal lære eit nytt språk, må vi være villige til å kaste oss utpå, herme etter det som blir sagt, lære nye og kanskje uvande lydar. Det er som å bli barn igjen. Eit barn hermar etter menneska i omgivnadene sine. Men det dreier seg ikkje berre om å herme. Barn prøver også ut ulike måtar å uttrykkje seg på, så blir dei korrigerte av dei andre. På same måten må vi også vere villige til å eksperimentere, gjere feil og bli retta på. Å lære språk skjer ikkje i eit tomrom. Det er i samspelet med andre at vi lærer å bruke ord og uttrykk på den riktige måten.

Språk er meir enn å lære grammatikk

Mange oppfattar språk som ein barriere – ein mur ein må prøve å forsere. Men det går også an å sjå det på ein annan måte. Språk kan vere sjølve porten inn til eit nytt og spennande univers. Å lære eit nytt språk kan opne for andre måtar å tenkje på, andre måtar å forstå på. Du får innsikt i ein ny kultur og ei annleis og spennande verd, som kan gjere livet ditt rikare.

Nokon seier: «Berre eg kan engelsk, så klarer eg meg bra her i verda.» Og det er sant at ein kjem langt med engelsk, som på mange måtar har blitt eit felles kommunikasjonsspråk innanfor turisme, handel og diplomati.

Men her er det to ting vi bør ha klart for oss. For det første blir engelsk brukt på forskjellige måtar av ein indar og ein nordmann. Uttalen vil vere forskjellig, og val av ord vil også vere annleis, fordi vi ofte tenkjer på morsmålet vårt. For det andre er språk knytt opp til kulturen. Fordi vi ikkje kjenner kulturen til kvarandre, religionane og levemåtane godt nok, kan misforståingar lett oppstå, sjølv om vi bruker engelsk som kommunikasjonsspråk.

Ein engelskmann og ein nordmann bruker engelsk på forskjellige måtar. Mange engelskmenn er sjokkerte over nordmenn sin måte å snakke på. Nordmenn er ikkje flinke til å bruke dei høflege formene som engelskmennene synest er viktige når danna menneske møtest. Nordmenn er til dømes ikkje flinke til å seie "please." Vi kan seie "Send me that", "Give me the book", utan å bruke "please." Det er ikkje rart at mange engelskmenn seier: "Norwegians are rude."

Dømet viser oss at språk er mykje meir enn ord. Helseskikkar, høflege former, omgangsformer, måtar å uttrykkje oss på i ei familiær setting, og i ein offentleg situasjon, er ulike.

Bruk av tolk

Nokon vil seie at vi kan klare oss med ein tolk når vi ikkje kan det framande språket. Men å snakke med ein tolk kan aldri gi det same resultatet som når ein kan bruke språket sjølv. Jo større forskjell på dei kulturelle referanserammene, og jo lengre språka står frå kvarandre i si oppbygging, dess meir må ein tolk forme om språket for å omsetje det. Vesentlege delar av bodskapen kan lett bli borte når språka refererer til ulike kategoriar og ulike sosiale og kulturelle kontekstar, og når vanleg språkbruk er forskjellig.

Vi skal ta for oss fleire tema som er viktige når ein skal lære eit nytt språk, slik som ord, lydar, tonar, setningsbygning, grammatikk, dialektar og slang.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff