Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Korleis lærer vi språk?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis lærer vi språk?

Korleis lærte du morsmålet ditt? Korleis er det mogleg at små barn kan formulere nye, korrekte setningar dei aldri har høyrt før? Dette har forskarar prøvd å forklare med ulike teoriar. Ein av teoriane er at du er fødd med ei form for grammatisk kompetanse.

Mange tunger med bilder av forskjellige flagg. Illustrasjon.

Tårnet i Babel

Det finst fleire forklaringar på kvar språk kjem frå. I Bibelen finst forteljinga om «Tårnet i Babel» som er interessant frå eit språkperspektiv: "Heile verda hadde eitt språk og same tungemål. Då folk braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet og slo seg ned der. Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei godt!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til bindemiddel. «Kom,» sa dei, «la oss byggje oss ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og skape oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»

Babels tårn. Maleri.

Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. Herren sa: «Sjå, de er eitt folk, og same språk har de alle. Dette er det første dei tek seg til. No vil ingen ting vere umogleg for dei, kva dei så finn på å gjere. La oss stige ned og forvirre språket deira, så den eine ikkje skjønner kva den andre seier!»

Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggje på byen. Derfor kalla dei han Babel. For der forvirra Herren all verdsens tungemål, og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda" (1. Mosebok, kap. 11, 1-9).

Tenk så enkelt det hadde vore om alle i heile verda snakka eitt og same språk! Slik er det jo ikkje, men kan vi likevel tenkje at det på eit eller anna plan finst noko som er felles for alle språk i heile verda? Har dei eit felles opphav, eller er det kanskje noko som er felles i hjernen til alle menneske? Dette er spørsmål mange forskarar har prøvd å svare på. Ein av de mest kjente er Noam Chomsky, som har ein teori om korleis vi lærer språk. Han kallar det generativ grammatikk.

Kva er generativ grammatikk?

Omgrepet generativ kjem frå det greske ordet generere, som betyr å avle eller frambringe. Generativ grammatikk er ei lingvistisk retning som prøver å finne ut korleis ord og setningar blir genererte hos menneske. Kor kjem språkevna vår frå?

Den generative grammatikken blei lansert i 1950-åra, og blir særleg knytt til den nordamerikanske lingvisten Noam Chomsky (f. 1928-). Han er framleis sett på som ein av dei fremste språkforskarane i verda. Chomsky revolusjonerte språkvitskapen med tankane sine om at mennesket har ei medfødd språkevne.

Portrett av Noam Chomsky. Foto.
Noam Chomsky.

Språklæringa til barn var viktig for Chomsky. Korleis kan det til dømes ha seg at eit fem år gammalt barn i norsk språkkultur sannsynlegvis aldri vil seie: «Eg ikkje vil ha ein is!», til mor si? Eit barn er heile tida under språkleg påverknad, og barnet lærer å plassere verbet på rett stad i ei norsk setning. Barnet lærer dette raskt, og vi menneske har ei evne til stadig å produsere nye og ukjende setningar.

Grammatikken er medfødd

Dette dannar grunnlaget for idéen om at det må finnast ein grammatikk som er medfødd. Chomsky tenkjer seg at det finst eit slags «grammatikkskjelett» som er felles for alle menneske, same kva slags språk dei snakkar. Målet er derfor å finne ut korleis dette skjelettet er bygd opp. Dette skjelettet utgjer det som blir kalla Universalgrammatikken.

Tanken bak teorien er at dersom vi finn ut kva Universalgrammatikken inneheld, kan vi forhåpentlegvis konstruere grammatikken til alle språka i verda. Eit viktig aspekt ved denne typen grammatikk er det komparative (samanliknande) aspektet – vi må samanlikne ulike språk, og teoriar for eitt språk må samsvare med teoriar for eit anna språk.

Universalgrammatikken er «grammatikkskjelettet»

Universalgrammatikken inneheld prinsipp og parameter. Prinsippa er felles for alle språk. Parametra blir derimot fastsette gjennom språklege stimuli (når barnet høyrer nokon snakke).

Til dømes blir det rekna som eit prinsipp at alle setningar i alle språk må ha eit subjekt, men plasseringa av subjektet kan variere, det er altså ein parameterverdi. Eit barn som veks opp i Noreg får fastsett verdiane til SVO det vil seie rekkefølgja subjekt – verbal – objekt. Barnet vil vanlegvis ikkje plassere eit ledd mellom subjektet og verbet i ei vanleg forteljande setning:

«Han ikkje åt maten i dag.»

Ei slik setning vil vere ugrammatikalsk.

Derimot vil eit barn som veks opp i Spania, lære at det faktisk kan utelate subjektet i setninga fordi verbet viser kva «person» ein har med å gjere, og dermed blir subjektet unødvendig. Soy betyr «eg er», hablamos betyr «vi snakkar». Det finst eit «usynleg» subjekt i setninga i verbbøyinga, noko vi ikkje har i norsk, fordi vi ikkje personbøyer verb. Derfor kan vi ikkje utelate subjektet. (Unntak er SMS-språk, uttrykk som «ser deg i morgon!» og liknande, men i slike utsegner er subjektet underforstått – det kjem fram av konteksten.)

Vi har ein stor språkkompetanse om morsmålet vårt. Når eit barn lærer eit språk, vil det ta imot stimuli, parameter blir fastsette, leksikon (ordforråd) blir stadig utvida, og barnet utviklar eit språk. Og, ved hjelp av «grammatikkmaskina» i hjernen, vil grammatikken etter desse teoriane berre generere/spesifisere dei setningane som er grammatikalske, altså dei setningane som «høyrer til» i språket[1]

Foreldre og barn i ei seng. Bilde.
Språket eit barn veks opp med kallar vi "morsmål", eller "mother tongue" på engelsk. Men er det alltid slik at det er mor sitt språk ein lærer først?

Ein omdiskutert teori

Chomsky sine teoriar er interessante, men omdiskuterte blant språkforskarar. Det er ikkje lett å påvise korleis Universalgrammatikken skulle sjå ut inne i hovuda på folk. Andre språkforskarar og etnografar[2] hevdar at språket ikkje kan formast som eit abstrakt system, uavhengig av kulturelle normer som styrer bruken i det daglege livet – ein universell grammatikk finst ikkje, seier dei. I staden er dei opptekne av det dei kallar kommunikasjonsetnografi: stad, deltakarar, formål, språkhandlinga, måten, form, sjanger osb. Dette nærmar seg det vi skal sjå på seinare i denne delen om språk i bruk.

  1. 1«Norsk generativ syntaks». Lars G. Johnsen Randi Alice Nilsen Torbjørn Nordgård Tor Anders Åfarli Kristin Melum Eide. Novus. 2003.
  2. 2«Ethnography of communication». Dell Hymes John J. Gumperz. American Anthropological Association. 1964.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff