Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den kommunikative kompetansen

Sjølv om det hender at vi tråkkar feil, at vi seier noko som ikkje passar i situasjonen, har dei fleste av oss ganske god kompetanse på korleis vi skal kommunisere i ulike situasjonar.

Påsketur. Foto.

Den kommunikative kompetansen gjer at vi veit kva slags ord vi skal velje, og kva måte vi skal uttrykkje oss på i ein bestemt situasjon overfor bestemte menneske. Dette er noko du lærer når du vert sosialisert inn i ein kultur.

Du vil du ikkje seie til kelneren «Eg berre må ha eit glas vatn!». Dette er kunnskap som er ubevisst og praktisk, og ikkje bevisst og teoretisk.[1]

Denne kompetansen er i stadig utvikling, og vi lærer oss nye kommunikasjonsformer etter kvart som vi veks til. Vi lærer korleis vi skal møte ulike situasjonar, korleis vi skal kommunisere på best mogleg måte for å oppnå eit best mogleg resultat, for eksempel i eit jobbintervju.

Sjølv om tydinga av orda kan vere definert i ei ordbok, kan meininga vere noko anna i ein spesiell samtale. Det avheng av språkbrukarane sjølve, situasjonen, og kva språket blir brukt til. Vanlegvis er det ikkje mogleg å forstå meininga utan å kjenne omgivnadene, altså konteksten.

Pragmatikk er språket i bruk

Samspelet mellom språk og kontekst – språket i bruk – er fokuset for pragmatikken. Pragmatikken ligg nær opp mot semantikken, men der semantikken fokuserer på språket sitt logiske innhald, altså tyding, fokuserer pragmatikken på danninga av meining hos aktørane i ein bestemt kontekst.

Vi lærer til dømes når vi kan seie noko, når det er best å teie stille, når vi kan gripe ordet, og når vi overlèt det til andre i samspel med andre menneske. Språkstil, tonestyrke og stemmebruk er viktige signal som ein lærer i praktisk bruk.

  1. 1«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff