Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den grammatiske kompetansen

Dei fleste 5-åringar kan snakke eit grammatisk korrekt språk og produsere ganske komplekse setningar på førstespråket sitt. Ein får altså ein grammatisk kompetanse allereie som barn.

Jente med rosa headsett og Ipad. Foto.

Det tradisjonelle studiet av språk som system kallar vi lingvistikk. Lingvistikken omfattar fire fagområde[1]

  • fonologi (studiet av uttale)
  • morfologi (ord- og bøyingslære)
  • syntaks (setningsbygning)
  • semantikk (betydning i ord og setningar)

Grammatisk kompetanse betyr då at når du skal seie ei setning, vel du ord frå ordforrådet ditt, leksikonet ditt (vokabular i hjernen din), du set dei saman til ei ytring, vel bøyingsformer, og uttalar dei på den måten du har lært.

Ytringa «Eg skal ha eit glas vatn» avdekkjer at du har ein semantisk kompetanse (ordtyding), og også syntaktisk (setningsoppbygning), morfologisk (bøying), og fonologisk (uttale) kompetanse.

Den grammatiske kompetansen blir utvikla tidleg, og ein reknar med at barn i femårsalderen har ferdigutvikla syntaksen sin. Med andre ord vil ein femåring som har norsk som førstespråk aldri seie: «Eg ikkje skal ha eit glas vatn». Derimot kan ein femåring frå ein minoritet uttrykkje seg på den måten når ho skal snakke norsk, fordi syntaksen er annleis på førstespråket hennar.

  1. 1«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff