Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Mennesket sin språkkompetanseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mennesket sin språkkompetanse

Språkkompetansen til eit menneske er ganske kompleks. Kvar gong vi seier ei setning, gjer vi bruk av språkkompetansen vår. Vi veit noko om kven vi ytrar oss til, kva vi skal seie, og vi veit noko om kva slags ord ytringa må innehalde for at ho skal vere riktig grammatikalsk.

Pop Art- tegneserierute med snakkeboble der en jente  hvisker hemmeligheter i øret på en annen jente.

Vi har altså både ein grammatisk og ein kommunikativ kompetanse. Den grammatiske kompetansen fokuserer på språket som system. Den kommunikative kompetansen fokuserer på språket i bruk. Når du bruker førstespråket ditt, det vi ofte kallar morsmålet, bruker du begge språkkompetansane samstundes, og utan å tenkje særleg over det.

Skiljet mellom språksystem (grammatikk) og språkbruk (pragmatikk) har vore svært nyttig i språkvitskapen, men har kanskje også ført til at ein ofte har studert språksystemet isolert frå omgivnadene. Men språk og kultur heng nøye saman. Ord og setningar får meininga si frå praktisk bruk i ein kulturell kontekst der menneske kommuniserer med kvarandre.

Vi skal sjå nærare på kva det vil seie å ha grammatisk og kommunikativ kompetanse.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff