Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kva er verbal kommunikasjon?

Språket er utruleg mangfaldig. Vi brukar språket ulikt når vi snakkar til kompisar, og når vi snakkar til foreldre, til legen, eller til kjærasten. Korleis har vi lært dette? Kva vil det seie å ha språkkompetanse?

To hovud som dekodar informasjon. Illustrasjon.

Ordet verbum er latin og betyr «ord». Verbal kommunikasjon skulle då bety kommunikasjon med bruk av ord – altså det munnlege språket vårt.

Frå vi er små, høyrer vi språket rundt oss, vi lærer ord og uttrykk, kva vi skal seie for å bli forstått, når det passar å tale, og når vi må teie. Vi lærer korleis vi må snakke for å uttrykkje oss i ein vennleg tone, eller ein bydande tone. Korleis vi gir uttrykk for overrasking, sinne, glede og sorg.

I denne delen skal vi sjå på kva språkkompetanse er, korleis språket kan oppfattast som eit system, og korleis vi lærer og bruker språket. Vi skal sjå på skilnaden mellom det å lære morsmålet sitt, og det å lære eit andrespråk. Vi skal også ta for oss utfordringar ved å kommunisere med nokon som snakkar eit anna språk.

Vi skal vidare sjå på samanhengen mellom språk og kultur, og konsentrere oss først og fremst om det munnlege språket. Pragmatikken – den praktiske bruken av språket – er viktig i denne samanhengen. Du skal seinare lære om ikkje-verbal kommunikasjon – det er kommunikasjon utan bruk av ord, slik som vi gjer når vi bruker kroppsspråket.

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan du grammatikk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Når blir ei ytring feil?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kan eg få ein is?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva er mennesket sin språkkompetanse?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff