Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Forsøk med ein- og tovegs-kommunikasjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk med ein- og tovegs-kommunikasjon

Bruk desse forsøka til å bli fortruleg med alle dei nye omgrepa som er introduserte: avsendar, mottakar, teikn, melding, tilbakemelding, innkoding, avkoding, støy osb.

Oppgåve 1

De treng: eit stykke papir, blyant og ei tavle

Ein deltakar i forsøket teikner ein trekant, eit rektangel og eit kvadrat som heng saman på ein bestemt måte på eit stykke papir. Denne deltakaren skal fungere som avsendar, og skal no instruere ein annan deltakar, som skal fungere som mottakar. Avsendar skal stå med ryggen mot tavla slik at han ikkje ser resultatet. Mottakar skal teikne figurane etter avsendaren som gjev ei munnleg rettleiing. Det er viktig at mottakaren ikkje ser originalteikninga.

  • Første del av forsøket er basert på einvegs-kommunikasjon. Mottakaren har ikkje lov til å stille spørsmål. Han skal berre teikne etter dei instruksjonane han får. Ta tida han brukar.
  • Andre del av forsøket er basert på tovegs-kommunikasjon. Mottakaren får ei tilsvarande oppgåve, men no kan han stille spørsmål slik at han får meir presise instruksjonar frå avsendaren.
    Ta også no tida.
  • Kva kan vi etter dette lære om ein- og tovegs- kommunikasjon?

Oppgåve 2

De treng: legoklossar og eit skjermbrett

Same forsøk som ovanfor kan også gjennomførast ved at to deltakarar sit på kvar si side av eit skjermbrett. Begge har det same talet legoklossar. Avsendaren skal seie korleis han set saman legoklossane. Mottakaren skal setje saman klossane etter instruksjonar frå avsendaren, i første omgang utan at han har lov til å be om presiseringar, og i neste omgang når han får lov til å be om utfyllande forklaringar undervegs.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.