Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Kva er kommunikasjon?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva er kommunikasjon?

Den danske filosofen og forfattaren Søren Kierkegaard (1813–1855) skal ha sagt: «Kommunikasjon er for samspel det som pusten er for å leve.»

Oppgåve 1

Forstår du kommunikasjonsomgrepet?

  • Forklar kva ordet kommunikasjon kjem av.
  • Korleis bruker ein ordet i daglegtalen?
  • Gje døme på korleis ordet blir brukt. Sjå til dømes i papir-/nettavisar, søk opp ordet på nettet og i oppslagsverk.
  • Forklar korleis ordet «felles» går igjen i samanhengar dette ordet blir brukt. Gi døme.
  • Korleis kan vi karakterisere både transportmiddel som bil og fly og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) som Internett og sms som kommunikasjon? Kva har dei til felles?
  • Drøft sitatet som står i innleiinga: «Kommunikasjon er for samspel det som pusten er for å leve.» Kva trur du ein meiner med samspel? Kan ein erstatte det med fellesskap? Kva for tyding får da kommunikasjon?

Oppgåve 2

Kva for kommunikasjonsform?

  • Dersom du samanliknar kommunikasjon i form av menneskelege møte ansikt til ansikt med digital kommunikasjon (til dømes e-post, sms, chatting, telefon), kva er likt og kva er ulikt?
  • Lag ein tabell med to kolonnar og fleire rader: fysisk kommunikasjon/digital kommunikasjon, likt/ulikt.
  • Kva for kommunikasjonsform (fysisk eller digital) er å føretrekkje viss du skal:
    • bestille ei feriereise?
    • slå opp med kjærasten?
    • be om eit anbod på ein jobb?
    • kondolere nokon?
    • seie opp eit abonnement?
    • gjere eit jobbintervju?
  • Samanlikn svara de har gitt. Dersom de har gitt ulike svar, drøft kvifor.
  • Til slutt bør du drøfte om det trass i skilnadane mellom desse to kommunikasjonsformene (fysisk og digital) er noko som er grunnleggjande felles for dei.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.