Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Teikn og meldingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Teikn og meldingar

Har du nokon gong lurt på kvifor alle stoppar for raudt lys, og kva det er som gjer at vi tenkjer på eit pelskledd husdyr når vi ser teikna K-A-T-T? Er det tilfeldig, eller har nokon bestemt tydinga til teikna?

Trafikklys som viser rødt lys og grønn pil. Foto.

Du brukar teikn når du skal sende ei melding. Eit teikn er noko som står for noko anna enn seg sjølv. Til dømes er strekane du les no på skjermen teikn. Vi kallar desse teikna for bokstavar. Når vi set teikna saman, blir dei til ord.

Vi kallar gjerne slike samlingar med teikn ei melding. Meldinga har inga meining før nokon – du som les – gir meining til teikna. Men det er ikkje slik at vi alle kan tolke teikn og meldingar som vi vil. Hadde vi hatt heilt ulik forståing av det raude trafikklyset, hadde det fort blitt kaos. Vi seier difor at tolkinga er kulturbestemt. Vi skal sjå nærare på forholdet mellom teikna og korleis vi gir dei meining.

Samanhengen mellom uttrykket og innhaldet til eit teikn

Læra om teikn kallar vi semiotikk. I semiotikken skil vi mellom uttrykk og innhald. Strekane på papiret er eit uttrykk som står for eit innhald for nokon. Den siste tilføyinga er viktig. Eit teikn eller eit uttrykk – trafikklys, strekar på papir, ord i lause lufta – får ikkje noko innhald før nokon (ein person) tilskriv det meining.

Semiotikk er dermed ein teori om teikna og deira meining, og om korleis meining oppstår og blir endra hos ulike menneske.

Trafikkys. Foto.
«Raudt» er eit teikn, eit uttrykk som står for eit innhald: «stopp»; meininga er at du skal stoppe. «Grønt» er eit uttrykk som står for innhaldet «gå» eller «køyr».

Sveitseren Ferdinand de Saussure og amerikanaren Charles Peirce blir ofte rekna som fedrane til semiotikken. Det var Saussure som klargjorde forholdet mellom «uttrykk» og «innhald», eller det karakteriserande og det karakteriserte, som han kalla det.

Peirce, på si side, understreka kor viktig lesaren eller personen er. Det er lesaren som gir meining til teikna. Meininga ligg ikkje i sjølve teiknet, men i den meininga lesaren tilskriv teiknet.

Samanhengen mellom uttrykk og innhald er her vilkårleg. Vi kunne for eksempel bestemt at «raudt» skulle bety «køyr» og «grønt» skulle bety «stopp». At desse teikna har den meininga dei har fått, er ein konvensjon – noko ein er blitt samd om – ei semje vi har gjort i samfunnet.

Tre typar av teikn

Samanhengen mellom uttrykk og innhald er ikkje alltid vilkårleg. Peirce skilde mellom tre grunntypar av teikn:

  • Eit ikon liknar objektet sitt. Eit kart er å forstå som eit ikon, eit manns- eller kvinneteikn på toalettdører like eins. Fotografi og bilete er ikon. Trafikkskilt og symbol som ein finn på flyplassar, er ikon. Slike ikon, og ikon knytte til verktøylinja i dataprogram, blir brukte i aukande grad fordi dei kan forståast internasjonalt.
  • Ein indeks har ein direkte samanheng med objektet det uttrykkjer gjennom ein årsakssamanheng. Røyk er ein indeks for eld, lyn ein indeks for torevêr, raude utslett er ein indeks for meslingar, latter er ein indeks for glede, eit fotspor i sand er ein indeks for den som har laga det. Ein detektiv vil vere på jakt etter indeksar. Symptom er ein type indeks som legen vil prøve å forstå.
  • Eit symbol er derimot et vilkårleg teikn. Samanhengen med objektet er ein konvensjon (ei semje) slik som vi påpeikte ovanfor i eksemplet med trafikklyset. I ordet «KATT» står bokstavane K-A-T-T for noko anna enn det skriftbildet det viser, nemleg sjølve dyret.
Teikn

Teiknet for talet to, som vi skriv slik: «2», er eit symbol; det er ingen spesiell grunn til at denne krøllen skulle referere til to gjenstandar – det er ein konvensjon. Romartalet «II» er derimot ikonisk, like eins det kinesiske teiknet for to «=».

Ein raud kross – slik som organisasjonen Raudekrossen brukar – er eit symbol, det står for noko anna enn det raude teiknet på papiret. I muslimske land har dei valt ein raud halvmåne som står for det same som den raude krossen står for hos oss. Samanhengen mellom uttrykk og innhald, teikn og meining er vilkårleg.

Tolking er ikkje tilfeldig

Ord er vanlegvis symbol, det vil seie at samanhengen mellom orda og det dei uttrykkjer er basert på ein konvensjon. Men det finst ord som er ikoniske, nemleg slike som vi kallar onomatopoetikon: svisj, gulp, kræsj og dyrelydar som vov-vov, nøff-nøff og liknande.

Dyrelydar er forresten interessante. Når anda seier «gakk-gakk» på norsk, «kvack-kvack» på svensk, «rap-rap» på dansk, «coin-coin» på fransk, og «quack-quack» på engelsk, ser vi ikonisk likskap. Likevel viser forskjellen mellom språka at likskapen er konvensjonalisert. Det vil seie at han har blitt felles eigedom for dei som brukar språket.

I språket finst det knapt noko døme på reint vilkårlege teiknsamband utan at dei har blitt ein konvensjon for brukarane. At orda er vilkårlege, betyr ikkje at dei er tilfeldige. Det er til dømes ikkje naturleg å kalle hund «chwazc» på norsk. Kvifor?

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.