Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Kommunikasjon utan intensjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjon utan intensjon

Har du opplevd at nokon har spurt deg om kvifor du er sur, sjølv om du ikkje er det? Då har du sendt ut ei melding utan å meine det. Det var ikkje intendert. Mottakaren kan ha tolka kroppsspråket ditt eller noko du har sagt.

Ungdommer som flirter. Foto
Nokre gongar kan eit vennleg blikk bli oppfatta som flørting, eller eit konsentrert fjes som surt

Kommunikasjon dreier seg nemleg ikkje berre om intendert (villa) sending av meldingar. Han kan òg vere uintendert, altså meldingar som ikkje sende med hensikt. Då kan vi snakke om kommunikasjon utan intensjon. Til dømes kan ein del kroppslege signal bli tillagt noko anna enn du ville, som at du raudnar, har eit konsentrert ansikt eller urolege bein. Slike signal kan gjere at mottakaren tolkar at du er forelska, flau, sur eller stressa. Dette kan sjølvsagt vere ei korrekt tolking, men ikkje nødvendigvis.

Viss du ikkje var sur, men berre konsentrert og tankefull, har du kommunisert noko utan intensjon. Bevisst eller ubevisst kan mottakaren trekkje slutningar ut frå det ho eller han observerer og ut frå tidlegare erfaringar. Har mottakaren tidlegare erfart at sure folk har ansikt utan mimikk, blir denne erfaringa overført når han eller ho ser ansiktet ditt.

Kjæraste eller ven?

Eit område der meldingar gjerne blir misforståtte, er kjensler. Vi kan flørte, gi kompliment, bruke blikk og kroppsspråk for å vise at vi er interesserte i andre menneske. Mange av desse teikna og signala er universelle. Men kor interessert er du i den du kommuniserer med? Betyr nødvendigvis alle slike meldingar at du vil være kjæraste? For nokon vil ei hand på armen og blikkontakt berre bli tolka som venlegheit. Andre vil tolke det som seksuell interesse. Mottakarane avkodar sjølvsagt meldinga "hand på armen" ut frå sin eigen ståstad; dei har ikkje andre referanserammer enn det dei med sitt røyndomsbilete har konstruert. Det kan vere store kulturforskjellar mellom kva som er intendert meining og kva som er oppfatta meining i eit slikt tilfelle.

Kulturelle forskjellar

Vi kan bruke kulturfiltermodellen til å beskrive dette. Avsendaren av meldinga "ta på armen" høyrer til ein firkantkultur. I hans referanserammer er meldinga berre eit signal om venlegheit. Mottakaren høyrer til trekantkulturen. Der er referanseramma at "ta på armen" betyr seksuell interesse. Mottakaren "hentar inn" eit ikkje-verbalt teikn og avkodar det ut frå si trekant-referanseramme. I dette tilfellet dreier det seg om ei melding som blir tillagt noko anna enn det som var tenkt – altså ein kommunikasjon utan intensjon.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.