Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Å forstå og misforståChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å forstå og misforstå

Det er viktig at vi prøver å forstå kvarandre når vi kommuniserar, men kva vil det seie å forstå? Kva er manglande forståing og kva er misforståing? Vi skal ta for oss nokre ulike eksempel for å illustrere dette.

En jublende student blant mange triste studenter. Illustrasjon.
Når du forstår kva noko tyder, har du kobla det ukjende med noko som er kjend.

Kva vil det seie å forstå?

For å forstå, brukar vi tidlegare kunnskap og erfaring og koplar dei nye omgrepa eller hendingane til det vi kjenner frå før. På den måten kan vi utvide kunnskapen vår og erfaringsområdet vårt.

Når barn lærer nye ord og omgrep, skjer det i samtale med andre barn og vaksne. Til å begynne med seier alle dyr kanskje «vov», men etter kvart lærer barnet at nokon seier «mø», andre «bæ», «nøff», «mjau», og så vidare.

Vi kan seie at ny forståing er eit resultat av forhandling. Tilbakemelding frå andre menneske gir oss etter kvart omgrep og språk som er viktig for å utvide kunnskapen vår. Nye omgrep brukar vi til å tenkje med.

Eit ord som blir brukt på Madagaskar er ordet maso.
- Kan du forstå kva det betyr?
Eg går ut frå at omtrent 100 % av lesarane her ikkje veit kva ordet betyr. Du forstår det ikkje.

Eit ord som blir brukt på engelsk er ordet eye.
- Forstår du kva det betyr?
Eg går ut frå at omtrent 100 % av lesarane veit kva ordet betyr. Du forstår det.

Dersom eg no forklarar at maso betyr auga på Madagaskar.
- Forstår du kva det betyr?
Eg går ut frå at no kan dei same 100 % som nettopp sa at dei ikkje forstod maso seie at no forstår dei kva ordet maso betyr.

Kva er det som har skjedd inne i hovudet ditt, når du i den eine augneblinken seier at du ikkje forstår og i neste augneblink seier at du forstår?

Svaret er sjølvsagt at du har kopla det ukjende med noko som er kjent.

  • Å forstå vil seie å kople den andre sine teikn (ord, språk, kroppsspråk, handling) med eit tilsvarande teikn frå eins eiga erfaring/forståingshorisont.
  • Forståing er ei form for forhandling: Kva meining skal vi leggje i teiknet?
  • Kontekst og erfaring kan gi ein nøkkel til forståing.

Kva er manglande forståing?

Manglande forståing oppstår når mottakar ikkje kan kople innkommande teikn til lagra, kjend informasjon fordi vedkommande manglar informasjon eller referanse. Han/ho har ikke noko omgrep å kople det ukjende til.

Ein som nettopp har komme til Noreg frå Somalia møter på ordet Sankt Hans-fest. Kanskje han høyrer at klassekameratane skal feire St. Hans. Kva veit somaliaren om St. Hans? Sannsynlegvis har ho ikkje peiling på kva det kan vere. Det er like gåtefullt som ordet maso var for deg i dømet ovanfor.

Du kan forklare for nykommaren kva St. Hans-fest er, men du må sannsynlegvis bruke mange ord og bilete for at vedkommande skal forstå. Det beste vil nok vere å ta vedkommande med på ein St.Hans-fest, slik at ho sjølv får oppleve kva det er for noko.

Så kan vi snu dømet rundt: Dersom no somaliaren seier at ho skal heim og feire Id al-Fitr, er det kanskje du som ser ut som eit spørsmålsteikn. Kva er det? Du har ikkje nokon referanse å knyte det til, det er ikkje noko omgrep på norsk. Du kan ikkje kople det til noko kjent.

Kanskje du i religionstimane har lært kva Id al-Fitr er. Det er avslutninga på den muslimske fastemånaden, Ramadan. Etter at muslimane ikkje har hatt lov til å ete og drikke frå soloppgang til solnedgang i ein heil månad, kan dei på Id al-Fitr ete kva dei vil og kor mykje dei vil. Det er ein stor fest innanfor islam.

Kva er misforståing?

Misforståing oppstår når du trur du forstår, men har kopla feil. Misforståing oppstår når mottakar gjer ei kopling, men koplinga medfører feil eller blir misvisande.

I ei internasjonal gruppe der vi brukte engelsk som kommunikasjonsspråk spurde eg:

- What is Norway famous for abroad?

Ei spansktalande jente rette opp handa og sa: skiing! Eg sa «yes, very good» og såg for meg norske gullmedaljevinnarar i skisporten. Eg gjentok spørsmålet:

- What more is Norway famous for?

No høyrde eg tydeleg at den same jenta svara: biking! Eg følte meg litt usikker. Eg visste ikkje at Noreg var verdskjent for sykling.

Men no var det eg som misforstod. Etter litt fram og tilbake fekk ho fram at hun meinte ikkje sykling, men viking. På spansk blir v og b uttala omtrent som b på norsk. Som nordmann høyrde eg tydeleg biking, eg kopla det til sykling, eg kopla altså feil. Det blei ei misforståing.

Kva skal vi gjere når vi forstår at vi ikkje forstår?

Dersom du forstår at du ikkje forstår, oppstår gylne augneblinkar! Be happy! Det betyr nemleg at du kan få ny innsikt og forståing. Då kan du spørje og grave og gjere fleire undersøkingar. Kva er det du ikkje forstår?

Ulike meiningar er ikkje nødvendigvis negative. Dei kan representere gylne augneblinkar som opnar for ny forståing.

  • Når du forstår at du ikkje forstår, oppstår gylne augneblinkar.
  • Dersom du ikkje forstår at du ikkje forstår, har du eit problem.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.