Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Meining og kontekstChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Meining og kontekst

Den vanlege (klassiske) kommunikasjonsmodellen, slik vi har brukt han, viser kor viktig det er å skilje mellom melding og bodskap. Vi vil her kommentere nokre påstandar om kommunikasjon.

Store muner som snakker til en liten person. Illustrasjon.
  1. Meldingar kan sendast, men ikkje meiningar
  2. Menneske gir meldingane meining (fortolking)
  3. Kommunikasjon er å forhandle om meiningar, ikkje berre å sende dei
  4. Meiningar hoppar ikkje frå hovud til hovud

Vi er dagleg involverte i ulike kommunikasjonssituasjonar: Vi møter folk som vi pratar med ansikt til ansikt, via mobiltelefonar eller over Internett, vi sender meldingar, som altså består av ei rekkje teikn. Vi tek imot meldingar i form av lydar, ord, ansiktsuttrykk, handrørsler (gestar), kroppsrørsler, tekst- og biletmeldingar, snap-chat'ar, Intstagram-bilete, og liknande.

Alle desse meldingane er samlingar med teikn som må tolkast. Dei kan tolkast rett eller gale, vi kan tilleggje eit ansiktsuttrykk eller ei rørsle eller eit uttrykksikon (smiley) ei vekt som kanskje ikkje var meint frå avsendaren si side. Vi kan seie at vi som avsendarar har meiningar i hovudet vårt, og vi prøver å formidle desse meiningane til andre. Men korleis kan vi vite kva slags meining mottakaren får i sitt hovud når vi prøver å formidle teikn og meldingar?

Dialog om kattar

La oss sjå på ein samtale, der guten vil forklare til venninna si at han har eit kjæledyr og at det er ein katt. Klikk på biletet for å sjå korleis samtalen utviklar seg.

La oss gjennomføre ein liten analyse av dette dømet der vi for å gjere det enklare kallar avsendaren for «han» og mottakaren for «ho».

Avsendaren ser heile tida for seg sin eigen katt. Han veit kva han snakkar om, og gir presiseringar slik at det skal bli lettare for mottakaren å sjå for seg katten hans.

Mottakaren på si side stiller gode spørsmål, og trinn for trinn er det biletet ho dannar i hovudet sitt meir i samsvar med det avsendaren verkeleg har meint. Og til slutt stiller ikkje mottakaren fleire spørsmål, for no trur ho at ho har forstått korleis denne katten ser ut.

Avsendaren på si side kjem heller ikkje med fleire forklaringar, for også han trur at mottakaren har forstått. Så går dei frå kvarandre med forskjellig bilete i hovudet sitt og trur at den andre har forstått.

Dømet illustrerer dei fire punkta vi nemnde ovanfor. Avsendaren sender meldingar, men det er mottakaren som knyter meining til det som blir sendt. Dersom dei skal få same meining i hovuda sine, må det skje forhandlingar om kva utsegnene skal bety. Det skjer heile tida i dagleglivet. I samtale med kvarandre blir vi samde om kva ord, uttrykk, språk og kroppsspråk skal bety. Vi gir teikna eller meldingane meining.

Kommunikasjon er å forhandle om meiningar, ikkje berre å sende dei. Vi kan seie at «meiningar hoppar ikkje frå hovud til hovud».

Samanhengen påverkar tolkinga

No veit vi at vi i mange tilfelle ikkje ønskjer å vere presise. I dømet ovanfor er det kanskje tilstrekkeleg å vite at den andre har ein katt. Vi er kanskje ikkje interesserte i kattane dine. Men i enkelte tilfelle er det viktig å vere presise. Dersom katten ovanfor har komme bort, er det viktig å vite kva ein skal sjå etter når ein skal ut og leite.

Eller for å ta eit anna døme: Dersom du skal leige ein hybel, er det viktig at utleigar og leigetakar tolkar kontrakten på den same måten. Elles oppstår det lett konfliktar fordi dei tolkar den same kontrakten på ulik måte; dei har ulik forståing av den same teksten.

I nokre tilfelle vil vi vere presise i kommunikasjonen, i andre tilfelle vel vi, medvite eller umedvite, å vere upresise, slik at vi gir rom for ulike tolkingar.

Det som er settingen omkring kommunikasjonen kallar vi kontekst. Er konteksten ein katt som er mista, eller er konteksten ein leigekontrakt for ein hybel? Er det ein samtale med legen, eller er det eit møte på badestranda? Konteksten er viktig for korleis vi tolkar ord og handlingar. Dersom eg seier «Dette er eit kateter» medan eg er på skulen, betyr det vanlegvis noko anna enn same utsegn ytra på eit sjukehus. Konteksten hjelper oss til å tolke ulike utsegn.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.