Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Kommunikasjonsmodellar og forståingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjonsmodellar og forståing

I kommunikasjon mellom menneske er det alltid ein avsendar og ein mottakar. Når vi skal studere korleis vi forstår og misforstår kvarandre, må vi også sjå på andre forhold som påverkar kommunikasjonen.

Kommunikasjon. Illustrasjon.

Vi skal bruke ulike kommunikasjonsmodellar for å beskrive kva som skjer i ein kommunikasjonssituasjon.

Ein modell er ei forenkla framstilling av ein samanheng som ofte er mykje meir komplisert. Dersom vi leitar etter kommunikasjonsmodellar, kan vi finne mange ulike framstillingar av kva som er viktig i ein kommunikasjon.

Ein modell er på ein måte ei biletleg framstilling av ein teori. Alle modellar fortel noko om det som verkeleg hender, men ingen fortel alt. Det kan likevel vere nyttig å studere slike modellar som gir oss eit innblikk i kommunikasjonsprosessen.

Den klassiske kommunikasjonsmodellen

Den klassiske kommunikasjonsmodellen
Massekommunikasjon

Den klassiske kommunikasjonsmodellen viser oss dei grunnleggjande elementa i ein kommunikasjonsprosess. Kommunikasjonsmodellen ovanfor er ei biletleg framstilling av sentrale omgrep i kommunikasjonsteorien. Avsendaren kodar inn bodskapen sin i teikn eller melding, mottakaren avkodar teikna og tek imot bodskapen. Mottakaren gir tilbakemelding som igjen må tolkast av avsendaren. Det heile kan forstyrrast av støy.

Prosessmodellen

Den klassiske modellen har danna utgangspunkt for det vi tradisjonelt kallar prosessmodellen.

Opphavet til namnet på modellen er det sterke fokuset på prosessen – korleis informasjonen flyt frå avsendar til han når mottakar.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.