Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Repeter og bruk kulturfiltermodellenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Repeter og bruk kulturfiltermodellen

Oppgåve 1

  • Repeter omgrepa i kulturfiltermodellen ved å sjå gjennom videoen. Hugsar du alle stadia?
  • Forklar omgrepa kulturfilter, intendert meining og kontekst. Bruk eksempel.

Oppgåve 2

  • Skriv ned alle assosiasjonane du har til ordet "katt" og samanlikn lista di med sidemannen si liste. Har de lik forståing av dette omgrepet?
  • Korleis ville ein samtale mellom to som har ulik forståing av omgrepet "katt" foregå? Forklar ved hjelp av kulturfiltermodellen.

Oppgåve 3

I klippet frå TV-serien Skam møter vi Isak hos helsesjukepleiaren på skulen.

  • Analyser kommunikasjonen mellom Isak og helsesjukepleiaren ved hjelp av kulturfiltermodellen.
  • Kva trur du har forma kulturfiltra til helsesøstra og til Isak? Beskriv det du oppfattar som deira kulturelle ståstad (normar, verdiar og erfaringar). Er dei veldig ulike? Gje grunn for svaret ditt.
  • Viss du kjenner TV-serien: Korleis har det påverka tolkninga di av samtalen mellom Isak og helsesjukepleiaren at du kjenner til kva Isak strevar med og hva som har skjedd tidlegare (samtalen sin kontekst)?
  • Viss du ikkje kjenner serien, søk etter informasjon om karakteren Isak i Skam. Vil du etter å ha lese litt om han endre beskrivinga di av nokon av elementa i kulturfiltermodellen? Forklar kvifor/kvifor ikkje.

Oppgåve 4

Kva slags nytte kan du ha av å kjenne til kulturfilter og kulturfiltermodellen

  • i møte med menneske i kvardagen?
  • i noverande og framtidig arbeidsliv?

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.