Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Kulturforskjellar skapar misforståingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturforskjellar skapar misforståingar

Jo likare erfaringar, verdiar og normer du har med den du kommuniserer med, jo likare kulturfilter har de. Skal du derimot kommunisere med nokon som har ein annan kulturbakgrunn, er kulturfiltra meir ulike.

Ung afrikansk mann snakker med asiatisk jente. Foto.
Når menneske med ulike kulturelle referanserammer kommuniserer, kan det oppstå misforståingar.

Enkelt forklart kan vi seie at jo større skilnad på kulturfilteret, jo meir sannsynleg er det at det oppstår misforståingar. Vi kan ha ulik forståing av alt frå kroppsspråk til kva vi legg i omgrep vi bruker.

Ord kan ha ulik betyding

Eit døme er at familienemningar kan variere frå kultur til kultur. I ein del afrikanske land er det vanleg å kalla personar ein har nære relasjonar til, for "mor" eller "bror", sjølv om det ikkje er nokon ein er i nær slekt med. Då kan det oppstå misforståingar i Noreg, der vi stort sett bruker "bror" om biologiske eller adopterte brødre. Det same gjeld omgrepet mødrer.

Kor mange tilsette på norske sosial- og trygdekontor eller i andre etatar kjem på å stille slike spørsmål, når temaet er til dømes familiegjenforeining? Kva veit ein norsk sosialkurator eller ein funksjonær i framandpolitiet om lokale slektsnemningar? Det enklaste er å handsame saka heilt formelt og slå opp i det norske lovverket for å sjå kva for reglar som gjeld i slike saker. Kva seier lova når det gjeld mor, bror og så vidare. Jo, når det dreier seg om rett stigande, eller rett nedstigande linje, er familiegjenforeining mogleg. Men her kan det lett bli gjort feil i høve til norsk lov.

Det er ofte altfor lett å tenkje at dei orda som blir brukte, dekkjer nøyaktig dei same omgrepa som dei norske orda. Sjølv om innvandraren snakkar norsk, er omgrepa oftast direkte omsett frå morsmålet. Ei tante vil då heite "mor" på norsk, onkel blir "far", søskenbarn vil vere "brør" og "søstrer".

Når marknadsføraren ikkje kjenner kulturfilteret

I boka si Møter mellom mennesker,[1] fortel Øyvind Dahl om eit legemiddelfirma som skulle markedsføre eit nytt produkt, ein hovudverktablett, i mange land. Marknadsførarane i firmaet tenkte at denne teikneserien kunne forståast i alle kulturar.

Jente har vondt i hodet, får tablett, blir bra. Tegneserie.
Pilletrøbbel

Marknadsføringa gjekk bra i Europa og Amerika, men i Nord-Afrika vart ho mislykka. Ikkje ein einaste hovudverktablett vart selt. Kva kunne grunnen vere?

Svar: I Nord-Afrika er språket arabisk. Dei leser frå høgre mot venstre. Det gjeld òg teikneseriar! For ein arabar er det den naturlege og ’riktige’ måten å lese på.

Dette dømet viser at det er lurt å gjere gode undersøkjingar om målgruppa viss du skal selje eit produkt. Det fortel oss og at jo større målgruppa er, jo vanskelegare er det å kode ein bodskap slik at alle tolkar han likt.

  1. 1«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.