Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Å forstå meldingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å forstå meldingar

Vi er alle både sendar og mottakar i mange situasjonar i løpet av ein dag. I alle desse situasjonane vil du og dei du kommuniserer med tolke meldingar ulikt, fordi de har ulike kulturfilter.

Unge mennesker som snakker sammen i gruppe. Foto.
I dei fleste kommunikasjonssituasjonar vekslar vi på å vere sendar og mottakar.

Sjølv om både sendar og mottakar trur dei forstår kvarandre, og trur dei forstår det som blir sendt på same måte, kan det godt tenkjast at dei har forstått same melding (teikn, signal) på høgst ulike måtar. Då snakkar vi ikkje om innhaldet, men om forståinga av meldinga. Dei involverte kan godt vere ueinige om saken, men poenget her er om dei forstår kva den eine eller den andre forstår av betyding og meining. Kulturfiltra kan føre til at den meininga mottakaren til slutt legg i sendaren si melding, er noko heilt anna enn det sendaren hadde som intensjon å sende.

Kommunikasjon er ein prosess fram mot felles forståing

Det kan sjå ut som kulturfiltermodellen er ganske komplisert, men om du går gjennom han trinn for trinn, vil du truleg kjenne att mange situasjonar frå dagleglivet. Eigentleg burde han ha vore endå meir komplisert, fordi vi ofte er både sendar og mottakar på ein gong. Den prosessen som i modellen er teikna frå venstre mot høgre, skjer samstundes frå høgre mot venstre. Vi kunne ha teikna en spegelvendt versjon av modellen og lagt han oppå den første. Mykje av poenget er at den pågåande prosessen bireg til å etablere eit meiningsfellesskap - ei felles forståing.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.