Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Relasjonar og kontekst påverkarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Relasjonar og kontekst påverkar

Tenk deg at du får meldinga "sitt ned". Kor og når dette blir sagt, og kven som seier det, vil avgjere om du oppfattar det som ein invitasjon, eit forslag, ei oppfordring eller ein kommando.

Kontekst påvirker kommunikasjonen
Kontekst i kulturfiltermodellen

Betyding av kontekst

Kontekst er alt som kan påverke kommunikasjonen. Det kan vere innverknad frå omgjevnadar, situasjonen, tidspunktet, miljøet og så vidare. I modellen vår har vi illustrert konteksten med ein stor ellipse. Han er ei ramme rundt heile kommunikasjonssituasjonen.

Korleis sending og mottak skjer, kjem ofte sterkt an på konteksten. Er det ein fortruleg samtale i ein sofa, ein offentleg tale, eller er det lesing av ein avisartikkel på bussen? Kva slags forhold har du til den du kommuniserer med?

Betyding av relasjonar

Relasjonen du har til den du kommuniserer med, er ein del av konteksten. Han vil påverke korleis du kodar og avkodar ei melding. Relasjonen mellom sendar og mottakar er illustrert med den stipla ovalen i kommunikasjonsmodellen vår.

Er relasjonen mellom dei som kommuniserer prega av tillit eller mistillit? Dei kjenslemessige relasjonane kan spele ei viktig rolle for korleis teikna eller signala blir tolka. Har du ikkje tillit til den du snakkar med, vil du tolke meldingar frå denne personen annleis enn om dei kom frå ein ven du stoler på.

Kan du sjå for deg ulike situasjonar der meldinga "sitt ned" kan tolkast ulikt?

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.