Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Meiningar kan ikkje sendastChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Meiningar kan ikkje sendast

Vi skil mellom meiningar og meldingar. Meiningar er det vi tenkjer, og tankane kan vi ikkje sende. Når vi skal formidle det vi meiner, kodar vi det til ei melding som mottakar kan tolke.

Illustrasjon av tankekart.
Vår kulturelle ståstad påverkar korleis vi gir meining til ei melding. Meiningar oppstår i mottakar og avsender sine hovud.

Det som skjer i ein kommunikasjon der vi bruker kulturfiltermodellen, kan vi oppsummere i fire punkt:

  1. Tenkt (intendert) meining er berre kjent for sendaren.
  2. Sendt melding er innkoda gjennom sendaren sitt kulturfilter.
  3. Motteken melding blir avkoda gjennom mottakaren sitt kulturfilter.
  4. Mottakaren si meining er ikkje nødvendigvis lik avsenderen si meining.

Mottakaren gir meining til meldinga

Vi seier at vi kan sende meldingar, men ikkje meiningar. Det er mottakaren som gir meining til den meldinga som ho tek imot. Det gjer mottakaren heilt suverent, ut frå den kulturelle referanseramma ho har tileigna seg. Mottakaren tek imot på sine eigne premiss, kan vi seie. Ofte skjer det eit tap i høve til det som blir sendt, men det kan òg hende at mottakaren legg noko til for eiga rekning når ho prøver å forstå kva den andre formidlar.

Mottakaren bruker erfaringane sine aktivt

Mottakaren er ikkje ei passiv postkasse, men ein aktiv meiningskonstruktør. Ho hentar element til konstruksjonen både frå tidlegare erfaring, frå forståing av omgjevnader (kontekst), frå kjensler for og relasjonar til den andre personen, og sjølvsagt frå innkommande signal eller teikn. Meiningane finst berre i menneska, ikkje i kanalen mellom dei to partane. I denne kanalen er det berre data. Det er menneska som legg meining til meldinga.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.