Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Intendert meining og motteken meiningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Intendert meining og motteken meining

Alle har nok meir enn éin gong opplevd at den vi kommuniserer med ikkje heilt forstår kva vi prøver å formidle. Det er nærast umogleg at sendar og mottakar har lik forståing. Vi skal sjå på kvifor det er slik.

Intendert og mottatt mening
Intendert og motteken meining

Tenk deg no at sendaren (han) har ein idé eller tanke som han ønsker å formidle til mottakaren (ho). I modellen har vi teikna dette som ein sirkel. Vi kan kalle denne sirkelen 'intendert meining'. Det er denne han har som intensjon å sende til ho. Pilene her viser korleis den intenderte meininga passerer kulturfilteret til sendar, før ho så går gjennom kulturfilteret til mottakar og vert avkoda.

Sendar kodar meldinga

For å kunne sende denne 'meininga', må sendaren formulere ho i eit språk eller eit kroppsspråk (kode i ord, lyd, ansiktsuttrykk, handrørsler, handling) slik at det kan bli sendt eller observert av mottakaren. Det er illustrert på modellen med ei pil frå 'intendert meining' gjennom kulturfilteret og vidare ut av sirkelen. Det som kjem ut, er ein firkant.

Uansett kva som er tenkt eller intendert (her illustrert med ein sirkel), så er det som kjem ut ein firkant, fordi tankar og idéar må formulerast i eit språk, slik at det kan bli sendt og gjort tilgjengeleg for andre personar. Det som kjem ut kan vere eit verbalt teikn, altså språk eller lyd. Det kan og vere eit ikkje-verbalt teikn, som kroppsspråk, klesdrakt eller liknande. Her ser vi korleis avsendaren prøver å kode meldinga slik at ho blir tilpassa mottakaren.

Mottakar avkodar meldinga

No kunne vi tenkt oss at denne pila berre held fram til mottakaren, slik som i den klassiske kommunikasjonsmodellen. Med då får vi ein 'injeksjon', ein stimulus-respons-modell. Den neste pila kjem derfor kanskje som ei lita overrasking: Ho kjem ikkje frå sendaren, men frå mottakaren. Det er mottakaren som må 'ta inn' teiknet og avkode, eller fortolke, det gjennom sitt kulturfilter. Dersom ho ikkje gjer det, blir det ingen kommunikasjon. Ho må lytte, sjå, føle, lukte eller smake - kort sagt: Ho må bruke sansane for å ta inn teikna/meldingane frå sendar.

Så må desse bli tolka ut frå hennar kulturelle bakgrunn. Det vil seie at ho 'siler' informasjonen gjennom kulturfilteret sitt. Når mottakaren har avkoda, eller fortolka, meldinga, finn meldinga plass i hjernen hennar som 'motteken melding'. Her er meldinga illustrert med eit trapes, ein litt klemt firkant, fordi ho har passert gjennom mottakaren sitt trekanta kulturfilter.

Intendert og motteke meining er ikkje lik

Viss vi samanliknar det som var 'intendert meining' hos sendaren med det som er 'motteke melding' hos mottakaren, ser vi at det har skjedd mykje på vegen. Sirkelen representerer den 'intenderte meninga'. Ho blei sendt gjennom firkantfilteret, og kom ut som ein firkant. På mottakarsida er firkanten blitt pressa gjennom trekantfilteret, slik at han har blitt ein litt klemt firkant - eit trapes. Det er eit bilete på at mottakaren mottek ut frå sin eigen kulturelle ståstad, og tolkar ut får eigne kulturelle føresetnadar.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.