Vi kjenner uttrykket: "Vi ser gjennom kulturelle briller". Med det meiner vi at synet vårt blir farga av dei brillene vi ser verda med.

Brillene fungerer som eit filter. Men brillene kan vi ta av og på; det kan vi ikkje med kulturfilteret. Derfor har vi i kulturfiltermodellen teikna filtra oppå sirklane som representerer høvesvis sendar og mottakar. Det er ein del av personlegdomen. Sjølv om eg skulle kle meg annleis og lære andre språk, er eg framleis meg sjølv.
Kulturfilter er dynamiske
Kulturfiltra våre er farga av oppvekst og erfaring. Personar vi har møtt, som foreldra våre, søsken og vener, er med på å prege kven vi er. Det same er det vi har erfart i både små og store hendingar. Kulturfiltra våre er heller ikkje statiske og uforanderlege, dei er dynamiske. Vi vert stadig utsette for nye påverknader. Vi møter nye menneske, vi lærer andre språk, vi opplever nye ting, vi vert påverka av reklame, musikk og film. Dette vil i ulik grad påverke kven vi er og korleis vi ser på verda.
Har du opplevd eller erfart noko som har endra måten du ser på verda? Du kan ha skifta meining om små eller store ting. Kva fekk deg til å endre syn?
Korleis bruke kulturfiltermodellen
Det er viktig at vi ved bruk av kulturfiltermidellen ikkje oppfattar kulturfiltra som altfor rigide. Dersom vi tenkjer på kultur ut frå det beskrivande kulturomgrepet, er det lett å tenkje seg at ei betre forståing av den andre sitt kulturfilter ville hjelpe oss til å skjøne korleis den andre forstår og tolkar. Og det er sant eit stykke på veg at vi kan beskrive og bruke kulturfilteret slik. Det er likevel viktig å understreke at det er ikkje mogleg å vite nøyaktig korleis andre menneske vil tenkje og handle.
Viss vi har fokus på det dynamiske kulturomgrepet, vil vi lettare forstå korleis eit menneske bruker kulturen sin og gjer visse kulturelle element gjeldande i eit bestemt kulturelt møte. Vi tilpassar oss situasjonen og kommuniserer ulikt med forskjellige menneske.
I ei dynamisk kulturforståing vil kvar kommunikasjonssituasjon endre litt på kulturfilteret vårt. Du kan ikkje slette erfaringar frå kulturfilteret, men nye erfaringar kan endre på korleis du tolkar og forstår andre. Viss vi skal bruke kulturfiltermodellen til å beskrive ein kommunikasjonssituasjon, er det viktig å hugse at filteret er dynamisk. Det gjeld enten det er to nordmenn som kommuniserer eller ein nordmann og ein utlending, ein fiskar og ein jurist, ein lærar og ein elev eller ein mann og ei kvinne.
Kulturfiltra våre kan tilpassast
Kulturfiltra er altså i stadig endring. Vi tilpassar oss menneska rundt oss. Vi kan lære nye språk, firkantfilteret kan tilpasse seg til trekantfilteret ved å lære trekantspråk og trekantkulturen sine kulturelle kodar. Tilsvarande kan menneske med trekantfilter lære firkantspråk og firkantkulturen sine kulturelle kodar. Sosialantropologen Tord Larsen formulerer det slik: Vi har evna til å "klatre over våre egne horisonter og strekke oss inn i andres.”[1] Menneske er stort sett alltid opptatt av å forstå og bli forstått av andre.
- 1«Handlingen, moralen og kulturoversettelsen.». Larsen, Tord. Institutt for sosialantropologi. 1984.
Læringsressursar
Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet
Læringssti
Prosessmodellen
KjernestoffKulturfiltermodellen
Kjernestoff
Fagstoff
Kommunikasjonsmodellar og forståing
KjernestoffProsessmodellen
KjernestoffAvsendar og mottakar
KjernestoffKoding av melding
KjernestoffKanal og støy
KjernestoffAvkoding og tilbakemelding
KjernestoffMeining og kontekst
KjernestoffÅ forstå og misforstå
KjernestoffKommunikasjon utan intensjon
KjernestoffTeikn og meldingar
KjernestoffKva er god kommunikasjon?
KjernestoffKulturfilteret
Kjernestoff- Kjernestoff
Kulturfilteret er dynamiskDu er her
Intendert meining og motteken meining
KjernestoffMeiningar kan ikkje sendast
KjernestoffRelasjonar og kontekst påverkar
KjernestoffÅ forstå meldingar
KjernestoffKulturforskjellar skapar misforståingar
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Prøv å kode meldinga
KjernestoffDrøft kommunikasjon
KjernestoffKva kommunikasjon har kortfilmen?
KjernestoffKva er kommunikasjon?
KjernestoffForsøk med ein- og tovegs-kommunikasjon
KjernestoffMeir om kommunikasjonsomgrepa
KjernestoffKan du lage ein betre reklame?
KjernestoffDrøft relasjonar og kontekst
Kjernestoff
Kildemateriale
Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.