Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. KulturfilteretChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturfilteret

Vi skal sjå nærare på dei ulike elementa i kulturfiltermodellen. Den viktigaste skilnaden frå andre kommunikasjonsmodellar er kulturfilteret.

Avsender og mottaker har ulike kulturfiltre
Avsendar og mottakar har ullike kulturfiltre.

Illustrasjonen over viser ein sendar og ein mottakar. For å gjere det enkelt, kallar vi her sendaren for 'han' og mottakaren for 'ho'. Så langt er denne modellen lik andre kommunikasjonsmodellar.

I tillegg har vi teikna inn eit filter foran både sendar og mottakar. Det er dette vi kallar kulturfilteret. Sendaren har (eller gjer gjeldande) ein kulturell bakgrunn, her illustrert som eit firkanta kulturfilter. Mottakaren har (eller gjer gjeldande) ein kulturell bakgrunn som vi viser med eit trekanta kulturfilter. Dei ulike formene illustrerer at kulturfiltra vi har, er ulike.

Kulturfilteret består av erfaringar

Kulturfilteret er altså eit filter som påverkar korleis vi kodar og avkodar meldingar. Filteret er forma av kulturar vi er ein del av og erfaringane vi har. Det er ein del av oss, og vil derfor alltid påverke kommunikasjonen, sjølv om vi ikkje tenkjer på det i det daglege.

Vi blir nok først og framst merksame på kulturfiltra når dei er veldig ulike, når kulturbakgrunnen er så forskjellig at vi misforstår kvarandre. Likevel er kunnskap om at vi alle har litt ulike filter nyttig å ha i fleire samanhengar.

Kunnskap er viktig i mange kommunikasjonssituasjonar

Dei som jobbar med marknadsføring og massekommunikasjon vil alltid tenkje over korleis bodskapen dei ønsker å formidle vil bli tolka og forstått. Dyktige marknadsførarar har til dømes mykje kunnskap om målgruppa for ein kampanje. Når dei kartlegg interesser, haldningar og verdiar blant målgruppa sine medlemmar, er det i realiteten gruppa sine kulturfilter dei prøver å beskrive.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.