Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Avkoding og tilbakemeldingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Avkoding og tilbakemelding

Korleis kan du vite om mottakaren har forstått kva du vil formidle? Svaret får du ikkje før mottakaren har tolka meldinga og gitt deg ein respons. Rollene blir snudde: Mottakaren er no avsendar, og avsendaren blir mottakar.

Ilustrasjon av misforstått kommunikasjon.
Når mottakaren avkodar, er det han eller ho avkodar sjeldan heilt likt det avsendaren tenkte då han eller ho koda meldinga.

Avkoding

Avkoding er mottakaren sitt forsøk på å gi teikn eller melding han eller ho har fått, ei meining ut frå mottakaren sin eigen ståstad. For å gi meining til teiknet eller meldinga, bruker han/ho eiga tidlegare erfaring, språk og kontekst (omgjevnadane for kommunikasjonen).

Døme på personleg kommunikasjon

Personen som har bede deg med på kino, har erfart at du tidlegare har likt å sjå film. Han eller ho veit også at du ofte har mange lekser, men at du gjerne utset leksene viss det er noko anna gøy på gong. Desse erfaringane kan gjere at mottakaren i denne situasjonen ikkje forstår kva du har tenkt.

Døme på mediekommunikasjon

Tale og stemmebruk, og bruk av bilete og lydeffektar typiske for ei nyheitssending, er kodingar som hjelper mottakaren når ho eller han avkodar meldinga. Når ein profesjonell avsendar bruker dei vanlege verkemidla for sjangeren, er det ein måte å sørgje for at mottakar forstår meldinga. Sjangrar er som ein kontrakt mellom sendar og mottakar. Blir reglar for sjangeren brotne, kan mottakaren fort bli forvirra.

Tilbakemelding

Tilbakemelding er spontan respons frå mottakaren på den meldinga han eller ho har fått. Når han/ho gir respons, blir mottakar avsendar, og avsendaren blir mottakar. Det som blir sendt er også teikn/melding, og det må avkodast av mottakaren. I ein samtale vil det gjerne veksle fram og tilbake. Ofte handlar det om å finne ut kva det er samtalepartnaren eigentleg meiner.

Døme på personleg kommunikasjon

Mottakaren i eksempelet vårt vil sannsynlegvis svare deg med eit "ok" eller kanskje spørsmålet "kva meiner du eigentleg?" Då blir han eller ho avsendar, og du blir mottakar. Det er dei same prosessane som skjer: koding og avkoding av teikn og meldingar. De vil sannsynlegvis fortsette å veksle heilt til mottakaren har forstått at du ikkje vil dra på kino. Kanskje endar du opp med å måtte kode det du meiner på nytt?

Døme på mediekommunikasjon

I mykje mediekommunikasjon er tilbakemeldingar vanleg. I lineær-TV er konkurransar der du kan sende inn svar, eitt døme på tilbakemelding. Kommentarfelt etter artiklar på nettaviser er eit anna døme på tilbakemeldingar i mediekommunikasjon. Sosiale medium støttar personleg mediekommunikasjon. Vekslinga mellom meldingar og tilbakemeldingar skjer automatisk når du kommuniserer i sosiale medium.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.