Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Kanal og støyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kanal og støy

Når ei melding skal kodast, må avsendar tenkje over kva slags kanal han skal bruke for å formidle ho. Avsendar må også tenkje over kva som kan forstyrre kommunikasjonen.

Støy på arbeidsplass

Kanal

Kanal er det som formidlar meldinga. Kanalen kan vere

  • organisk (det som formidlar sansing: øyre, auge, hud, tunge, nase)
  • fysisk (lufta i klasserommet, telefonleidning, medieteknologiar, mediekanalar)
  • direkte (ansikt til ansikt)
  • indirekte (med mellomledd, tolk, radio, bilete)

Døme på personleg kommunikasjon

Du kan formidle meldinga om at du ikkje vil dra på kino indirekte med ei tekstmelding, eller kanskje du seier det direkte til vennen din i klasserommet. Val av kanal kan påverke korleis meldinga blir avkoda.

Døme på mediekommunikasjon

Bruker vi prosessmodellen på mediekommunikasjon, snakkar vi som regel om ein fysisk, indirekte kanal. Ei sportshending kan sendast på Tv3, NRK1 eller oppsummerast i ei fysisk avis. Ein fotballblogg kan vere ein mediekanal for personlege synspunkt om den same sportshendinga.

Støy

Støy er forstyrrande element i kommunikasjonen. Det kan vere lyd, som ordet uttrykkjer, men i kommunikasjonsteori bruket vi ordet støy også om andre element som kan påverke prosessen. Støy er gjerne knytt til kanalen. Til dømes kan dårleg forbindelse forstyrre ein telefonsamtale eller ei medieoverføring, medan andre sin prat kan forstyrre når det kommuniserast ansikt til ansikt. Det kan til dømes vere for varmt eller for kaldt i rommet, noko merkeleg med kleda til den andre, eller det kan vere andre ting som fangar merksemda slik at det som skal formidlast, blir forstyrra.

Dømel på personleg kommunikasjon

Viss episoden der vennen din bad deg med på kino hender i eit klasserom, medan læraren underviser, kan alt det som skjer rundt vere støy som påverkar kommunikasjonen mellom dykk. Det kan vere læraren som snakkar, eller at du er mest opptatt av det som skjer på pulten foran deg.

Døme på mediekommunikasjon

Teknisk støy, som dårlege høgtalarar, eller eit lavt lydopptak, kan gjere det vanskeleg å få med seg eit innhald.

Støy kan òg handle om upresis bruk av forteljeteknikkar. Kanskje er lyd og bilete sett saman slik at bodskapen ikkje blir forstått. Eller ein tekst kan vere så vanskeleg formulert at målgruppa ikke forstår han. Det blir òg kalla for støy i kommunikasjonsprosessen.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter